Skip to main content

Ny bok: Lofthusoppreisten

Nyhet   •   jan 16, 2018 12:28 CET

(foto: Arkivverket)

Boka "Lofthusoppreisten. Rettsmateriale frå kommisjon og høgsterett 1787–99" utgitt ved førstearkivar Margit Løyland blir publisert for alle som ynskjer å vite meir om kva som skjedde i delar av Noreg på slutten av 1700-talet.

Lofthusoppreisten på Agder i 1786–87 var den til da største mobiliseringa av innbyggjarane under det dansk-norske eineveldet. Kristian Jensson Lofthus vart utpeikt som leiar og dømd til livsvarig fengsel, sytten andre arresterte og idømd bøter og ulike fengselstraffar.

Var Lofthus ein opprørar som truga det eineveldige statsapparatet, eller talsmannen som klaga på fellesskapets vegner? Kjeldene frå rettsoppgjeret gir innblikk i dramatiske hendingar. Sjølv om dei tiltalte bare kjem til orde gjennom avhøyr og det juridiske forsvarsapparatet, får vi i ettertid eit godt innblikk i det som skjedde.

Rapportar om 400-500 menn med stokkar i hendene på veg mot sentrale embetssentra gjorde den dansk-norske kongemakta redde for opprør som kunne styrte heile statsleiinga. Saka mot Lofthus og dei andre leiarane av oppreisten i 1786-87 viser korleis styresmaktene sjonglerte for å oppretthalde makt. Eineveldet var eit sårbart system, lite skulle til for å rokke balansen mellom folk og embetsverk. Kongen trong lojale undersåttar og måtte både gi og ta. Derfor fekk folket ein kommisjon, men leiaren livsvarig fengsel. Lofthuskommisjonen vart ein lynavleiar for folks misnøye. Kongemakta innstilte på dødsstraff for Lofthus og anka saka til Høgsterett. Dei juridiske vurderingane i rettsoppgjeret etter Lofthusoppreisten er høgst interessante. Lofthusoppreisten fell saman med opptakten til 1814 og var med på å leggje grunnlaget for dei endringane i folkestyret som kom då. Men på slutten av 1700-talet levde folk framleis under ein konge som, sjølv om han nok regjerte på deira aksept, var villig til å bruke militære styrkar mot sine eigne undersåttar, fortel Løyland.

Kjeldeskriftet inneheld sentrale delar av rettsoppgjeret etter Lofthusoppreisten. 

Boka har innhaldsrike sak-, person- og stadnamnregistre, notar og ordforklaringar.

Lofthusoppreisten er fjerde bind i serien "Kildeutgivelser fra Riksarkivet". Serien er godkjend vitskapleg publiseringskanal. Kjeldeskriftkommisjonen er redaksjonsråd for serien.

Bestill boka frå Arkivverket: bokbestilling@arkivverket.no. Pris kr 250,-. Porto kjem i tillegg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar