Skip to main content

Arkivverket gir arkivhjelp i kommunereforma

Nyhet   •   jan 12, 2016 15:02 CET

Stortinget har gitt tilslutning til å gjennomføre ei kommunereform i perioden 2014-2020. Den planlagde reforma vil få store konsekvensar for kommunens dokumentasjon, enten den er på papir eller digital. Arkivverket og samarbeidspartnarane i SAMDOK har laga ei rettleiing om arkiv til kommunar som skal slå seg saman. Del 1 er no klar.

Den varsla kommunereforma er eit prioritert område for Arkivverket og SAMDOK dei komande åra. Reforma vil kunne innebere kommunesamanslåingar, samanslåing av fylkeskommunar og overføring av oppgåver mellom forvaltingsnivåa. Arkiv frå dei noverande kommunane skal avsluttast og avleverast til depot, arkiv i dei nye storkommunane skal etablerast. Fylkeskommunane vert også berørte av reforma. Det er avgjerande å setje i gang tiltak i forkant av reforma for å unngå informasjonstap og leggje til rette for effektiv forvalting i den nye kommunen.

Del 1 av rettleiinga til kommunane er klar

Kommunane og fylkeskommunane er sjølve ansvarlege for at arkiva og dokumentasjonen vert handtert på rett måte. Arkivverket lagar i samarbeid med kommunal sektor ei komplett rettleiing som vil vi gi råd om handtering av eksisterande papirarkiv og digitale arkiv, og gi råd om etablering av arkiv og arkivfunksjon i den nye kommunen. Rettleiinga vil bestå av fleire delar, og blir fortløpande publisert på våre nettsider.

Første del av rettleinga er no klar, og kan lesast på kommunereformarkiv.no.

Rettleiinga gir råd om kva som kan gjerast før vedtak om samanslåing er fatta. Del 2 og 3 kjem i løpet av 2016.

Del 2 tek for seg fasen frå vedtak er fatta til samanslåing er gjennomført.

Del 3 omhandlar etableringa av arkiv og arkivfunksjon i ny kommune.

Retteliinga er utarbeida av SAMDOK, eit samarbeidsprosjekt i regi av Riksarkivaren for å sikre samfunnsdokumentasjon frå kommunal, statleg og privat sektor. For meir informasjon om utarbeiding av rettleiinga, sjå samarbeidspartnarar.

Vi har valt å bruke skulearkiv som gjennomgåande case i rettleiinga. Den fiktive arkivleiaren Maja Kaspersen frå Storvik kommune går att i alle døma. På ein kortfatta måte ynskjer vi å konkretisere det arbeidet som må gjerast ved kommunesammanslåingar (skjermdump frå kommunereformarkiv.no).

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar