Skip to main content

Arkivstatistikken for 2018 er her!

Pressemelding   •   jun 17, 2019 11:59 CEST

Hammersborg fritidsklubb lager avis i Morgenposten. Foto tatt i forbindelse med reportasje i Billedbladet NÅ, 02.11.1955. Foto: Engesland og Fjørtoft. RA/PA-0797/Billedbladet NÅ/U/Ub/L0001/1011.

Arkivstatistikken er ei årleg innsamling av statistikk for arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum, og inngår i SSB sin årlege publikasjon "Kulturstatistikk". Statistikken er ein viktig temperaturmålar for bevaringa av arkiva i Noreg.

Arkiv frå Oslo til Levanger

Tal på bevarte hyllemeter aukar, og ved utgangen av 2018 var det bevart nesten 600 kilometer papirarkiv i Noreg. Sett i boksar tett i tett etter kvarandre så rekker då boksane heilt frå Oslo til Levanger! Den store mengda - 91 % - er bevart i reine arkivinstitusjonar, 6 % i museum og 3 % i bibliotek. Det er fortsatt ei skeiv fordeling av kva for materiale som er bevart frå dei ulike samfunnssektorane. Berre 22 % av arkiva som er bevart er privatarkiv – arkiv frå organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar.

Krevjande å finne fram i

I snitt så er ein fjerdedel av arkiva ikkje ordna. Dette betyr at det i praksis er svært krevjande å finne fram i dei. Dei statlege arkiva er i større grad ordna enn dei kommunale og private arkiva. Forbetringspotensialet er også stort når det gjeld publisering av arkivinformasjon på nett. Institusjonane har samla sett publisert informasjon om rundt halvparten av arkiva sine på Arkivportalen.no. Det at så lite av materialet er publisert på den nasjonale søkjetenesta for arkivkatalogar gjer det vanskeleg for publikum å vite kva materiale som finst og kor det finst i landet.

Digitalisering, digitalisering! 

Det er i år som i fjor eit stort fokus på å gjere arkiva tilgjengelege digitalt, og institusjonane har no digitalisert over 80 millionar dokumentsider og over 2 millionar foto! Det er Arkivverket som har digitalisert mest, med nesten 60 millionar digitaliserte sider. Musea har digitalisert flest foto med ca. 800 000.

Digitalarkivet: den best besøkte kulturnettstaden i Noreg 

Statistikken viser at nettsidebruken held seg stabilt høg. Digitalarkivet.no er den best besøkte kulturnettstaden i Noreg med 1 million unike brukarar og 5,9 millionar besøk.

Framleis utfordringar knytt til bevaring av dei digitalt skapte arkiva

Digitalt skapt materiale er framleis i liten grad bevart. Særleg gjeld dette digitalt skapt materiale frå private aktørar. Det er mykje viktig digitalt arkivmateriale der ute som vi risikerer at går tapt og som må sikrast for framtida.

Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.

Riksarkivaren er nasjonal fagmyndighet for arkiv med oppgaver etter arkivloven. Arkivverket skal utvikle og styrke arkivarbeidet på landsplan og har et særlig ansvar for nasjonal koordinering av privatarkivfeltet. Arkivverket har også et særskilt ansvar for å ivareta dokumentasjon av det samiske sivile samfunn.

Arkivverket har omlag 300 ansatte. For mer informasjon se www.arkivverket.no.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.