Skip to main content

Fem nye innførslar i Noregs Dokumentarv

Pressemelding   •   des 09, 2016 09:00 CET

Olavssekvensen frå mellomalderen. Datering: 1100-/1400-tallet. Oppbevares i Riksarkivet (EA-5965 Riksarkivets diplomsamling, F27 Latinske fragmenter, 986.8).

Den første norske løva frå 1292, Olavssekvensen frå mellomalderen og Statoils første styreprotokoll er tre av i alt fem nye dokument og arkiv frå Arkivverket som i dag blir tatt opp i Noregs Dokumentarv – lista over uerstatteleg kulturarv.

Arkivverkets fem nye bidrag til Noregs dokumentarv er alle av stor historisk betyding:

– Dei fem nye bidraga er noko av dei mest unike og uerstattelege kjeldene frå norsk historie, og er alle med på å synleggjere vår rolle som arkivinstitusjon og det faktum at vi tek vare på viktige historiske dokument og arkiv. Vi håpar at Noregs dokumentarv kan bidra til at både våre og andre arkiv blir meir kjend og meir brukt, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Dei fem er:


Totalt 12 nye innførslar 

Totalt vert 12 nye dokument og arkiv tekne inn i registeret i denne nominasjonsrunden.

– Komiteen er nøgde med at det no kjem inn 12 nye dokument og arkiv som spenner frå mellomalderen til i dag , seier avdelingsdirektør Øyvind Ødegaard ved Riksarkivet, som er leiar for Den norske komiteen for verdas dokumentarv. Aller mest nøgde er vi med at mange av dei nye innføringane dekker hol i registeret over område som tidlegare ikkje var med. Eg vil særleg trekke fram nye forhold frå mellomalderen, nye delar av næringslivet med Akers Mekaniske Verkstad og Statoil og ikkje minst dokumentasjon etter dei to sterke kvinnene Sigrid Undset og Ingrid Bjerkås. 46 arkiv, bibliotek og museum over heile landet er no representert på registeret.

Følg lanseringa Noregs Dokumentarv 2016 direkte i dag frå kl 12.30

I vurderinga av om dokumenta er det tatt omsyn til autentisitet, om dokumenta er eineståande og uerstattelege og om dei gjev unik dokumentasjon med nasjonal betyding. I kriteria er det også lagt vekt på å gjere vurderingar i høve til tid – stad – menneske – emne og tema – form og stil samt kulturell, åndeleg og religiøs verdi.

Om Noregs Dokumentarv

Verda over står kulturarvminne i fare for å bli øydelagt for ettertida. Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-program. Hensikten med det nasjonale registeret er å:

  • Synleggjere og profilere dokument og arkiv som kulturell arv
  • Synleggjere rolla og innsatsen til ulike bevaringsinstitusjonar
  • Styrke innsatsen med bevaring og tilgjengeleggjering av arkiv
  • Styrke samarbeidet på dokumentarvfeltet
  • Stimulere til debatt om verdi, prioriteringar, innsatsområde og verkemidlar

Registeret vart etablert i 2012, og vert utvida annankvart år. Per desember 2016 er 103 dokument og arkiv innført på Noregs dokumentarv. 34 av desse er frå Arkivverket (Riksarkivet og statsarkiva). Heile registeret finn du på Kulturrådets heimesider

Du kan besøke den permanente utstillinga Norges dokumentarv – klenodier fra norsk historie i Riksarkivbygningen ved Sognsvann i Oslo. Utstillinga er gratis og held open når lesesalen er open.

For kommentar/ spørsmål, kontakt

Øyvind Ødegaard, leiar av Den norske komiteen for verdas dokumentarv, tlf. 915 80 898, e-post: ovod@arkivverket.no

Arkivverket består av Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv og oppbevarer nærmere 270 000 hyllemeter (2013) med arkivmateriale. Aller eldst er fragmenter fra før år 1000, det nyeste arkivmaterialet er et par år gammelt. Her finnes sentrale kilder for så vel Norgeshistorien som for lokalhistorie. Vi har også materiale som kan dokumentere privatpersoners rettigheter og interesser på ulike vis. Riksarkivet og alle statsarkivene har lesesaler der folk kan bruke våre arkivsaker.

En del av våre dokumenter er nasjonale skatter i form av diplomer tilbake til 1100-tallet, vakre kart og skjellsettende dokumenter i vår nyere historie. Arkivverket kan med rette kalles nasjonens kollektive hukommelse.

Arkivverket ble 100 år som etat i 2004.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar