Nofima

Anlaug Ådland Hansen

Forsker

Kontaktperson

  • mnqe anlichfavauueg.hansen@negvdofufwohlima.vscrno
  • +47 64 97 01 04

Eg tilhøyrer emballasjegruppa ved Nofima, der fokuset mitt er på emballering av fisk og mikrobiologisk kvalitet av fersk fisk. I tillegg arbeider eg også med emballering av andre typar matvarer der eg undersøker effekten av emballasjemateriale, emballeringsmetode og korleis dette påverkar kvaliteten ved lagring.

Doktorgradsarbeidet mitt omhandla modifisert atmosfærepakking (MAP) av fersk fisk med redusert frivolum ved bruk av ein CO2-emitter, og endring av kvalitet ved kjølelagring. Dette omhandla analyse av både bakteriell vekst og diversitet (tradisjonell dyrkingsmetodar og analyse av bakterielt 16S rDNA), sensoriske endringar, flyktige komponentar, tekstur, farge, pH og væsketap.

Utdanning
Cand.agric innan akvakultur, med hovudfokus på post mortem kvalitet på fisk (Universitetet for miljø- og biovitenskap, 1999). PhD innan aktiv emballering (MAP med redusert frivolum og ein CO2-emitter) og kvalitetsendringar av fersk fisk (Universitetet for miljø- og biovitenskap, 2008).