Gå videre til innhold
Bjørnane i dyrehagen i Buchenwald. Foto: Foto, Sammlung Stiftung Gedenkstätten Buchenwald und Mittelbau-Dora.
Bjørnane i dyrehagen i Buchenwald. Foto: Foto, Sammlung Stiftung Gedenkstätten Buchenwald und Mittelbau-Dora.

Blogginnlegg -

Å snakke med barn om vanskelege ting

Kva nashornet såg tek opp eit mørkt kapittel i menneskehistoria og sider ved mennesket det kan vere vanskeleg å forklare. Likevel er det viktig! Korleis snakke med barn om dette?

* Det er viktig å førebu barna før ein går i teateret. Dei forstår som regel langt meir enn du trur.

* Forklar fakta i eit tydeleg språk og eit alderstilpassa detaljnivå.

* Prøv å la barna styre samtalen og stille spørsmål. Svar så ærleg du kan.

* Slå deg til ro med at du ikkje nødvendigvis kan forklare alt. Barn forstår at vaksne ikkje kan svare på alt.

* Understrek at dette ikkje hender her, det er ikkje farleg for oss her i dag.

* Ver merksam på korleis barna reagerer kjenslemessig. Unngå å spørje barn om kva dei føler. Sei heller noko om at du synest barnet verkar trist eller engsteleg viss du faktisk synest det, eller snakk litt generelt om korleis det er naturlig å reagere når ein får vite om vondskap som finst i verda. La dei få høve til å fortelje om følelsane viss dei vil, men prøv å unngå å gi dei inntrykk av at dei skulle følt meir enn dei gjer.

Barn snakkar gjerne om slikt i små porsjonar av gangen. Så tar dei kanskje det dei har fått vite med seg i leiken sin og arbeider vidare med det gjennom den. Leik fungerer for barn som språk gjer for vaksne. Det er ein reiskap for å arbeide seg gjennom og mestre erfaringar og informasjon. Det er altså ikkje noko å uroe seg over i utgangspunktet at den dramatiske hendinga dukkar opp i leiken til barn. Tvert imot, dette er sunt og naturleg.

Kjelder: Barneombodet og Redd barna.

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge