Gå videre til innhold
Banebrytarar i psykoterapien

Blogginnlegg -

Banebrytarar i psykoterapien

TEKST Marit Råbu TIL NYNORSK VED Arne Torp

Vi lurte på korleis det å arbeide meir enn 40 år som psykoterapeut verkar på livet til terapeuten. Kva har det gitt? Og Kva har det kosta? Var det verdt innsatsen? Og vi lurte på kva for tankar terapeutar som kan sjå tilbake på eit langt yrkesliv, har gjort seg om psykoterapi som praksis i møte med menneskes liding og strev.

Desse terapeutane er del av ein generasjon der det å studere på universitetet var på langt nær så vanleg som i dag, og dei har praktisert psykoterapi i ei tid der både fag og samfunnsøkonomi har vore i enorm vekst. Samla er livet og forteljingane til desse terapeutane uttrykk for viktige straumdrag i Noreg i etterkrigstida: Nazismen var slått tilbake, og utviklingsoptimisme og humanistiske verdiar fekk plass. Dei har vore pionerar i ein æra prega av stor fagleg fridom og godkjenning. Psykologifaget var nytt, og psykoanalysen var på frammarsj. Individa skulle frigjerast frå undertrykkjande ideologi, religion og normer, og tabu måtte brytast. Etter kvart er det allment erkjent kva barndommen har å seie og at barn har ein eigenverdi.

Gjennomgåande formidla terapeutane at dei gjennom livet hadde fått ein større toleranse for menneskeleg mangfald, audmjukheit ved å erkjenne at ikkje alt kan lindrast eller reparerast, og at moderate resultat også har verdi.

Generelt uttrykte dei at det å vere terapeut hadde vore med til å gjere livet deira meiningsfullt. Ganske unisont var dei uroa over vår tids hang til standardisering, rapportering, kontroll og auka «produksjon».

Å arbeide som terapeut inneber å involvere seg personleg og kjenslemessig i livet og lidingane til andre menneske. På eit overordna nivå handle terapisamtalar om å prøve å forstå det klienten strevar med, og å skape rom for utvikling. Terapeuten er i posisjon til både å bidra til og å vere vitne til denne utviklinga. Nokre av utfordringane og dilemma som terapeutar møter, kan samanliknast med dei skodespelarar står overfor: Ein må bruke all den kunnskapen, dei erfaringane og den innlevingsevna ein har, for å setje seg inn i livsverda til eit anna menneske. Samtidig som ein går inn i ei rolle, må ein vere absolutt genuin for å nå fram og røre andre.

Overføring

Overføring er eit av dei mest sentrale omgrepa i psykoanalysen, og det hendler om korleis fortid og notid (og framtid) blir vovne saman. Tidlige og grunnleggjande erfaringar, særleg i relasjon til viktige omsorgspersonar, formar forventningane våre i møte med nye menneske. Slike forventningar bidrar til gjentakingar og mønster i relasjonar, og kan hindre oss i å oppfatte og vurdere røyndommen omkring oss.

Dersom ein har mange, tidlige og vanskelege erfaringar, kan oppfatninga av nye personar og situasjonar bli svært forstyrra. Det kan bli vanskeleg å gjere nye erfaringar, og å utvikle gode relasjonar.

For eksempel kan ein komme til å tru at andre menneske har føremål dei ikkje har, og det kan oppstå konfliktar. Slike fenomen er allmenne og oppstår i større eller mindre grad i alle nære relasjonar. Overføringa er umedveten, og ikkje utan vidare tilgjengeleg. Når ein klient kjem til ein terapeut, vil ho eller han ha forventningar som rommar både håp og frykt. Korleis forventningane hos klienten blir oppfatta av terapeuten og korleis forholdet mellom dei to utviklar seg på nye måtar, kan vere med på å setje klienten betre i stand til å bryte destruktive mønster og utvikle seg på nye og betre måtar. Det å ta stilling til fortid handlar ikkje om «å grave i gamle problem», men om å forstå korleis erfaringar frå fortida kan skape hindringar i notid, slik at mønster kan brytast.

I framsyninga ligg det sjølvsagt også fleire andre tydingar av overføring: Det er overføring av erfaring frå ein generasjon til ein annan, og overføring av forsking til teater.

Frå forsking til teater

Historia om korleis eit forskingsprosjekt kunne finne vegen til teateret, var slik: Eg var på ein forskigskonferanse om kvalitativ metode i Vancouver i 2009. Der gjekk eg på ein workshop som handla om formidling av forskingsresultat gjennom teater. Sidan festa eg meg ved ein kommentar frå ein skotsk kollega, John McLeod, som er ein internasjonal nestor innanfor kvalitativ forskingsmetode: Han meinte at dersom vi skal fornye kvalitativ metode, må vi invitere kunstnarar inn i fortolkinga av forskingsmateriale. Eg kjende Tyra Tønnessen, og fordi eg er psykolog, har eg nokre gonger vore invitert av henne for å diskutere forståinga av karakterar med skodespelarar, og eg kom til å tenkje på å om en kunne invitere henne inn i prosjekta mine. Tyra har både forskarkompetanse (PhD frå Kunsthøgskolen i Oslo), og ein unik kompetanse til å lage teater av tekstar som ein ikkje skulle tru kunne formidlast på ein scene. Saman med kollegaene Christian Moltu frå Førde og John McLeod sette vi i gang med det internasjonale og interregionale forskingsprosjektet The art and science of psychotherapy: How collaborative action between client and therapist generates and sustains productive life change, der Tyra Tønnesen deltek med sitt perspektiv og sin kompetanse saman med sju psykologar.

Prosjektet som handlar om erfaringar frå eldre terapeutar, er ein forløpar for det store prosjektet, men det blir den første iscenesetjinga av materiale basert på forsking. Tretten terapeutar er intervjua. Råmaterialet består av hundrevis av sider med tekst. Vi har skrive to forskingsartiklar og eit bokkapittel som formidlar noko av det vi fann da vi analyserte materialet. Den kunstnarlege tolkinga får fram ny meining og nye nyansar. Erfaringane som kjem til uttrykk, er henta frå forskingsmaterialet, men dei seks karakterane i stykket Overføring, er fiktive nyskapningar, og stoffet er omarbeidd og dikta om.

Referansar:

Råbu, M. & McLeod, J. (in press) «Wisdom in professional knowledge: Why it can be valuable to listen to the voices of senior therapists». Psychotherapy Research

Råbu, M., Moltu, C., Binder, P.-E. & McLeod, J. (2016). «How does practicing psychotherapy affect the personal life of the therapist? A qualitative inquiry of senior therapists’ experiences,»Psychotherapy Research, 26, 737-749

Råbu, M. (2014). «Ettertanke: Hva har det å være terapeut gjort med livet mitt?» I von der Lippe, A.L.; Nissen- Lie, H.A. & Oddli, H. (red.) Psykoterapeuten. En antologi om terapeutens rolle i psykoterapi. Gyldendal Akademisk, s. 291-306

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge