Gå videre til innhold
Catharina Vu er utdanna ved Det Norske Teatrets eiga teaterutdanning, Det Multinorske, og ho debuterer som skodespelar i hovudrolla som Nila. Foto: Fredrik Arff.
Catharina Vu er utdanna ved Det Norske Teatrets eiga teaterutdanning, Det Multinorske, og ho debuterer som skodespelar i hovudrolla som Nila. Foto: Fredrik Arff.

Blogginnlegg -

​CATHARINA VU DEBUTERER SOM NILA

Det er mange som Nila der ute, seier hovudrolleinnehavaren i Nila og den store reisa.

Les meir om den eventyrlege familieframsyninga Nila og den store reisa her!

Nila er mi første store rolle etter studiet ved Det Multinorske her ved teateret. Tenk det, ei hovudrolle på Hovudscenen! Det er heilt vilt. Eg er både spent, nervøs og glad. Det er som ein draum. Sjølv er eg lik Nila i det at eg har noko av den same naiviteten og spontaniteten i meg. Eg veit ikkje heilt korleis Nila kjem til å vere i slutten av prøveperioden, men eg gler meg til å forske i karakteren.

Eg er oppvaksen i ein musikalsk familie; ein vietnamesisk familie i Sandnes med stor sans for karaoke. Foreldra mine har drive med revy i regi av den katolske kyrkja og har laga mange oppsetjingar for familiar knytte til kyrkjelyden. Familien min er altså veldig glad i musikk og teater, og dei gler seg til å sjå framsyninga.

Nila er ei sterk og fantasifull jente som klarer å få folk rundt seg til å sjå verda på ein ny måte. Ho må rømme vekk frå realitetane i den sjuke verda ikring. Gjennom historia hennar vil alle aldersgrupper kunne få eit innblikk i kva for lagnader barn i urolege område møter. Nila flyktar frå krig, og må krysse eit stort hav for å finne tryggleik og fred. Og da kan fantasien vere ein nyttig del av bagasjen. Den hjelper deg når alt er svart og spinn håp og fargar kring deg. Men den kan også lure deg og få deg til å sjå farar der dei ikkje finst.

Eg hugsar frå barndommen min ei oppsetjing av Roald Dahls Heksene som slo meg i bakken. Den framsyninga fekk meg til å sjå teater i eit nytt lys, som ei fantasiverd der alt er mogleg og alt kan skje. Der og da blei avgjerda tatt om å bli skodespelar. Kanskje sit det små jenter i salen som ser meg og tenker at det ho gjer, det vil også eg gjere. Det er fint å ta med seg inn på scenen. Kanskje det til og med sit ei lita Nila der som har kome med båt over havet?

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Fredrik Arff

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge