Gå videre til innhold
EIRIK FAUSKE - dramatikar

Blogginnlegg -

EIRIK FAUSKE - dramatikar

Utgangspunktet var Åstaulykka, men teksten har utvikla seg litt bort frå den konkrete ulykka og blitt meir ei togreise der vi følgjer ein skokk med menneske i eit landskap der det skjer ei dramatisk ulykke.

Eg har skrive heilt sidan eg avslutta skodespelarutdanning i Verdal i 2004, men starta for alvor i 2008-2009. Mitt første stykke var Gullalðurir som tok for seg dei siste 40 000 åra. Ein slags lausrivingshistorie, spedd med kvasiislandske gloser og ursuppeskildringar. Under barnehagen, som òg er eit tidleg stykke, handlar om ein gravlagt fugl som hadde kollidert med vindauget i ein barnehage. Eg har tidlegare jobba her ved teateret da eg var ein av fem leverandørar til Bibelen i regi av Stein Winge i 2013. Da skreiv eg om Moses, det var eit utfordrande oppdrag.

Eg har i mange år arbeidd med eit sorgarbeid-prosjekt som munna ut i Live-Sorgarbeid, som hadde premiere på Black Box i fjor haust. Det begynte som ein 15 minuttars performance for nokre år sidan. der eg sat og skreiv mens publikum følgde teksten på eit lerret bak meg. Det fungerte såpass bra at eg ville utvikle det vidare, inn i store tablå. Sorgarbeidet har utvikla seg til reiser i ulike landskap, ei slags visjonsreise, som i Draumkvedet. Men òg meir virtuelle reiser, som i Minecraft.

Tekstane mine er ofte knytta til konkrete stader; under ein barnehage, ute i skogen, heimbygda Lindås i Nordhordland. Når eg synest tekstane mine fungerer, så er eg ofte ein bestemt plass, i noko romleg.

Det at eg går regilinja på Kunsthøgskolen i Oslo gir meg sjølvsagt ein del regierfaring med eigne prosjekt. Det gir meg høve til utprøving og refleksjon på ein heilt annan måte. Sorgprosjektet tar eg med vidare, det blir ein del av eksamensarbeidet saman med ein avsluttande produksjon. Men på Åstaddikting er eg assistenten til Kai Johnsen, som eg har samarbeidd med fleire gonger før. Hans fortolking av teksten blir interessant. Han vil arbeide med denne flaumen av menneskelagnader og fragment på ein fin måte.

Fortalt til Ola E. Bø Foto Ylva Catodotter Fyllingsnes

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge