Gå videre til innhold
Trine Wiggen er oppteken av dei store spørsmåla i Fosses drama. Foto: Siren Høyland Sæter.
Trine Wiggen er oppteken av dei store spørsmåla i Fosses drama. Foto: Siren Høyland Sæter.

Blogginnlegg -

Eit draumescenario

TEKST Thomas Karlsen TIL NYNORSK VED Arne Torp

Ein mann og ei kvinne forelskar seg i kvarandre på ein benk. Dei har møtst før, men ikkje sett ord på kjenslene sine. Her, på denne benken, kjem mannen til å bryte med fortida si, medrekna foreldre, kone og barn for å leve ut den nye kjærleiken.

Slik byrjar Draum om hausten, eitt av nøkkelstykka i Jon Fosses dramaproduksjon, skrive i det siste året før tusenårsskiftet og kanonisert av Morgenbladet då avisa i 2013 sette saman ein jury til å samle den norske post-Ibsenske dramakanonen. Sjølv har han i intervju kalla det «eit slags måleri over livet».

– Fosse sine tekstar rører meg på mange plan, seier Trine Wiggen (48), som har regi på Draum om hausten, ein av premierane i haust på Det norske teatret.

– Evna han har til å nærme seg det ubegripelege ved livet grip meg så hardt. Nei, livsmysteriet er kanskje ikkje til å forstå, men det er som om stykket hans i korte glimt opnar nokre luker inn i dette uforklarlege og peikar på noko større som vi alle er ein del av.

For teatergjengarar vil Trine Wiggen frå Stjørdal, nokre mil aust for Trondheim, truleg vere betre kjend som skodespelar enn regissør – til dagleg arbeider ho på Nationaltheatret, sist i Kjersti Horns oppsetjing av Richard III; til dette kjem også ei rad film- og TV-roller dei siste nokre-og-tjue-åra inkludert, for berre å nemne eit lite knippe; roller i Jarle Klepp-filmane Mannen som elsket Yngve og Jeg reiser alene, Sara Johnsens Vinterkyss, Dag Johan Haugeruds Som du ser meg, krimserien Det tredje øyet. Ikkje minst vil mange hugse henne som den prosjektorienterte og ikkje så reint lite sjølvopptekne legen Karianne Vindenes i den svarthumoristiske Kampen for tilværelsen, ei rolle ho også blei nominert til Gullruten for. Og likevel: heilt sidan ho gjekk ut av Teaterhøgskolen i 1994, for meir enn tjue år sidan, har ho med ujamne mellomrom teke steget over og inn i regirolla, sist med Det merkelege som hende med hunden den natta, som har vore spela på Det norske teatret sidan våren 2014.

– Og det er fordi eg liker å veksle mellom å regissere og spele. Som skodespelar skal eg fordjupe meg i rolla mi, vere med på å forløyse ideen til regissøren. Som regissør skal eg derimot vere arbeidsleiar for både eit skodespelarensemble og eit kunstnarisk lag: scenograf, komponist, koreograf og lysdesignar. Saman skal vi forløyse det som i utgangspunktet er mi lesing av dette stykket. Det er kjempeskummelt og eit veldig stort ansvar.

– Skulle du ønskje fleire skodespelarar tok på seg regiansvar?– Absolutt. No er det sjølvsagt ikkje alle skodespelarar som er interesserte i å regissere, men eg trur det finst mange som ikkje vågar. Medan eg utdanna meg til skodespelar og i åra etter, stod regiteateret veldig sterkt. Vi skodespelarar blei liksom opplærte til å tro at det å regissere og spele var fundamentalt forskjellig. Regissørar og skodespelarar har ulike funksjonar, sjølvsagt, men vi kan mykje av det same! Og skodespelarar er ikkje dumme, slik eg også fekk inntrykk av at vi helst burde vere, dei første åra eg var ved teateret. Mange av oss har djup innsikt i verdslitteraturen. Ein blir ikkje dum av å nærlese Shakespeare, Tsjekhov, Ibsen eller Fosse, for den saks skuld.

– Eg har i grunnen fått enda større respekt for skodespelarar etter at eg sjølv begynte å regissere; er blitt veldig stolt over å vere skodespelar. Å vere skodespelar, det er ei livslang øving i empati, i å prøve å leve seg inn i kva det vil seie å vere eit anna menneske.

Tilbake til Jon Fosse. Det skal visstnok ha vore tilfeldig at den ovannemnde oppsetjinga av Det merkelege som hende med hunden den natta blei omsett til norsk av Fosse, etter oppfordring frå Wiggen sjølv. Det betyr ikkje at … hunden den natta var første gongen dei møttest – alt i 1995 spela ho den kvinnelege hovudrolla i uroppsetjinga av Namnet på Den nationale scene i Bergen, i det som også var debuten hennar som skodespelar på eit institusjonsteater; sidan har vegane deira kryssa kvarandre fleire gonger – mellom anna då ho i 2002 dramatiserte og sette opp romanen hans Stengd gitar under tittelen Liv.

– Kva er det som appellerer til deg ved Draum om hausten?
– Først og fremst at stykket femnar så vidt. På den eine sida har du eit konkret familiedrama, med barn og foreldre som slit med å kommunisere, og så er det også eit generasjonsdrama – eit erotisk kjærleiksdrama og eit eksistensielt drama – og denne kontinuerlige vekslinga gjer det til eit veldig spennande stykke.

– Men kanskje ganske utfordrande å regissere?
– Er du galen – ja!

Draum om hausten har eit relativt lite persongalleri. Ei mor og ein far, sonen deira, eks-kona hans, den nye kjærasten hans, sonen hans, Gaute, som vi aldri møter, men som ein forstår er på eit sjukehus; alle saman slit dei med å nå kvarandre, glid lenger og lenger vekk frå kvarandre, heilt til kontakten er borte. Ein anar eit veksande mørke, noko tungt og trugande og usagt som rullar inn over karakterane.

– Eg kan ikkje seie kvifor mannen i stykket verkar så ulykkeleg i starten, eller kvifor mora er så redd for at han skal bli borte, at han skal døy, som ho seier. Ho sørgjer over at sonen dreg seg unna henne, er redd for han skal forsvinne. Kanskje er det ei universell morskjensle, ei redsle som foreldre sit med heilt frå den augneblinken barna blir fødde, seier Wiggen, som framleis kan påkalle denne kjensla av akutt panikk, av vill desperasjon då den nyfødde sonen hennar fekk feber for meir enn tjue år sidan.

– Legane kunne ikkje seie kvifor. Det bar rett på intensiven. Morskjensla blei liksom vekt med eit brøl; eg hugsar at eg tenkte: «Eg kan døy no, berre det bergar livet hans. Det var eg klar til», seier Wiggen som også kjenner seg igjen i faren i stykket, han som prøver å vere den sterke, som prøver å snakke mora til fornuft.

– Og så kjenner ein seg igjen i Gry, den forsmådde kvinna, som tviheld på det ho kan frå det gamle livet, og i den nye kvinna som elskar, og prøver å halde fast den ho elskar. I det heile tatt.
– Som tilskodar kjenner ein seg kanskje litt att i korleis alle på sitt vis slit med å få tilværet til å gå opp?
– Altså, eg har jo aldri vore klinisk deprimert, men eg har jo vore så lei meg at det har vore som om alt det vakre som finst i livet … det er som om ingenting gjer inntrykk, fortel Wiggen.
– Årstidene kjem og går, svarttrosten syng om våren, men det verkar ikkje på deg, du kjenner deg heilt isolert frå livet, og mens det står på, kjennest alt veldig meiningslaust.

– Og så er det kanskje også noko litt tabubelagt ved å vere del av ein familie i oppløysing?
– Om ikkje direkte tabubelagt, så i alle fall noko som er forbunde med skam, trur eg. Du har mannen som svik sin eigen son, denne Gaute som ligg på sjukehuset og er i ferd med å døy, etter det dei seier. Kvifor gjer foreldre slikt? Men vi veit jo det, at dette skjer. Kvar dag, over heile verda, er det foreldre som sviktar barna sine. Og så er det skamma som er forbunde med det å ikkje få kontakt med sine eigne barn, i å ikkje nå inn til dei. Og skam over å bli forlaten, og over å vere den som også forlet nokon – det er også noko mannen seier i det første møtet med den nye kjærasten sin; han vil ikkje vere ein som går frå familien sin.

Draum om hausten er eit stykke med mykje undertekst. Handlinga blir driven framover like mykje av det usagde som av det blir sagt, og replikkar blir hengande i lufta lenge.
– Ambisjonen min er å gjere teksten tilgjengelig for publikum, prøve å ikkje styre han i ei bestemt retning, men heller opne han for fortolking hos dei som ser stykket og for bilda som oppstår hos dei, seier Wiggen.
– Samtidig ønskjer vi å lage noko … ja, fengande, kan du seie. Det er kanskje eit rart omgrep i denne samanhengen, for det er slikt ein seier om popmusikk, men eg opplever rytmen, klangen og strukturen i språket til Fosse som veldig fengande. Ei anna utfordring er at tida i stykket ikkje følgjer nokon logisk kronologisk orden, tida er flytande på ein måte, som i ein draum. I den eine augneblinken er ein ung, i den neste middelaldrande, og så er ein brått ung igjen, saman med ein ungdomskjæraste, og i draumen kjennest det naturleg.

– Er du redd for kva Jon Fosse vil meine om oppsetjinga di?
– No trur eg ikkje han ser så mange av sine eigne stykke lenger, han vil heller sitje og skrive. Men han gjorde det meir før, og då eg laga sceneversjon av Stengd gitar i 2002, hadde eg plukka teksten frå kvarandre og sett han saman igjen, med løyve frå forfattaren, men utan å konferere med han undervegs. Eg var grueleg nervøs for kva han ville synast om det eg hadde gjort med teksten hans. Han kom på generalprøva, og sat i salen etter at publikum hadde gått, og eg hugsar at eg gjekk skjelvande bort til han. «Faen, eg skriv godt», sa han.

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge