Gå videre til innhold
 – Kva gjer all testinga vi blir utsette for med oss?

Blogginnlegg -

– Kva gjer all testinga vi blir utsette for med oss?

Er det likevel nokon som har testa, rapportert, undersøkt og katalogisert, slik at dei vala vi gjer, kanskje ikkje er så frie likevel?

Eg trur Tore Vagn Lid har plukka seg ein slitsam gjeng med skodespelarar til Fridomens vegar, hehe. Vi er alle slike som blandar oss og kjem med mange forslag. I dette prosjektet skal regissør Tore Vagn Lid teste ut quiz-en som form i scenerommet. Noko av tanken bak er at forma skal opne for refleksjonar rundt den stadige testinga vi menneske blir utsette for. Dei vegane all fridomen i samfunnet vårt fører oss inn på, kor fri er ferdsla vår langs dei? Er det likevel nokon som har testa, rapportert, undersøkt og katalogisert, slik at dei vala vi gjer, kanskje ikkje er så frie likevel?

Eg er sjølv blant dei som kan bli litt stressa av spel som TP, redd for å ikkje vite noko eg burde ha visst om for eksempel korsfarartida eller Marshall-hjelpa… Men publikum skal sleppe å vere redde for slikt, og dei treng heller ikkje vere redde for at vi skal drive påtrengande teater – trur eg…? Tore har vore veldig tydeleg på at det skal vere ope, inviterande og gøy. Vi skal prøve masse med publikum gjennom heile prosessen for å finne forma på det, vi vil jo ikkje skremme folk vekk, vi vil ha dei inn og med.

Allereie på dag tre i prøvene hadde vi ein samankomst med publikum for å sjekke om dei ville vere med på quiz på teater. Det var ganske spennande, somme blei heilt oppslukte av å vinne, medan andre gav opp når dei syntest dei datt av lasset. Eg trur dei som var der, hadde det moro, og for oss var det veldig lærerikt å prøve ein liten kladd av prosjektet heilt konkret og så tidleg. Vi må mellom anna finne ei blanding av spørsmål som gjer at folk vil vere med, og da må dei innimellom kjenne meistring, det må i alle fall eg. Samstundes vil vi ha lag som vinn, og tapar. Vi skal jo prøve å lage kunst og teater òg, og prosjektet ønskjer å forske i dette landskapet.

Tore Vagn Lid arbeider utradisjonelt med dette og har gjerne ein klar tanke som han vil utforske i prosjekta sine. Den siste produksjonen hans, Vår ære/Vår makt ved DNS i Bergen vart eg heilt sjuk etter å sjå. Etter Solaris korrigert er det ekstra gøy å bli med på prosessar for å skape teater som er annleis og uortodokse. Tore seier at han opplever at det er så mange drama der ute i dag som ikkje har nokon eksisterande dramatikk som snakkar om det. Så difor må ein lage det sjølv. Det synest eg er spennande å få vere vitne til.

Eg har vore nysgjerrig på arbeida hans lenge og likte Kill them all på Nationaltheatret veldig godt. Det stykket var spesielt på den måten at eg opplevde det som ikkje-emosjonelt i uttrykket og skodespelararbeidet. Og det handla om noko så Dagsnytt 18-aktig som finanskrisa. Likevel var det noko, ved heile det universet dei skapte, som gjorde det til ei veldig emosjonell teateroppleving. Eg synest det var fantastisk at det gikk an å lage teater frå nyheitsbiletet og verda i dag på ein slik måte. Han er ein smartass og ein politisk regissør. Han er opptatt av musikk og musikkens plass i ei framsyning og han kan musikk. Ein prosess som dette er tidkrevjande og treng mykje prøving. Eg merkar at han har gjort eit stort forarbeid og har eit tydeleg konsept under utvikling. Vi veit ikkje kor vi skal – Tore seier at han heller ikkje veit det, og eg trur han, sjølv om han kanskje veit meir enn han vil seie. Eller trur.

Fortald til Ida Michaelsen Foto L-P Lorentz

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge