Gå videre til innhold
Kva gjer at ei ung jente vel å dra til Syria?

Nyhet -

Kva gjer at ei ung jente vel å dra til Syria?

Kva gjer menneske i stand til å køyre bilar inn i menneskemengder, skyte ungdom på ei øy eller sprenge seg sjølv og andre i lufta?

NADIA
BLIR SPELT 1. NOVEMBER KL. 13.00 og 2. NOVEMBER KL. 11.00 og 13.00
GJESTESPEL FRÅ TONEELMAKERIJ I NEDERLAND
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Det er dette gjestespelet Nadia frå Nederland forsøker å finne ut av. Stadig fleire unge menneske let seg overtyde av ekstreme tankar. Men kva er det som lagar grobotn for desse tankane? Kva er drivkrafta? - Er det idealisme? Ei kjenske av utanforskap, hat eller spenning? Reiser dei til noko, eller frå noko, dei som reiser?

I Nadia blir det forsøkt å finne svar på kva som ligg bak ei ung jentes avgjerd om å reise til Syria. Framsyninga tematiserer radikalisering, spørsmål om identitet, kva det vil seie å høyre til og kva slags livsval unge menneske kan stå overfor. - Eg trur det er viktig at vi held fram med å spørje kor radikaliseringa startar. I denne turbulente tida treng vi å vite korleis ungdom blir fenga av ekstreme idear. Kvifor gir desse ideane Nadia ein tryggare plattform i verda enn livet ho allereie lever? Kva er det ho leitar etter? seier dramatikar Daniël van Klaveren.

INTERNASJONALT SAMARBEID

Nadia er eit gjestespel frå teateret Toneelmakerij i Nederland oger ein del av samarbeidet i nettverket European Theatre Convention. Teater i Parma, Liege, Karlsruhe og Amsterdam har denne framsyninga på repertoaret i løpet av 2017. Ved Det Norske Teatret er framsyninga Det har visst vore ein episode del av prosjektet. I tillegg utviklar prosjektet eit pedagogisk opplegg for rundt 1500 skoleelevar. Elevane arbeider på Facebook med spørsmål knytt opp til tema relevante for framsyninga. Hausten 2017 skal skoleelevar frå Akershus samarbeide med elevar frå Belgia, Italia og Nederland.

Sjå nettsida til NADIA for å lese meir om dette samarbeidet

Les om Nadia på Det Norske Teatrets nettsider

Framsyninga blir spelt på engelsk.

Emner

Kategorier

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge