Gå videre til innhold
Bikubekveld opnar med songar for kvinner - sungne av menn

Pressemelding -

Bikubekveld opnar med songar for kvinner - sungne av menn

Første Bikubekveld i vårsesongen syng skodespelarar frå The Book of Mormon songar for roller dei ALDRI ville blitt tildelte...

BIKUBEKVELD: WOMAN-UP 2
FREDAG 12. JANUAR KL. 22.30
DERETTER ER DET BIKUBEKVELD KVAR FREDAG KL. 22.30
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET

Med inspirasjon frå Broadway Backwards og Miscast, framfører eit knippe skodespelarar frå The Book of Mormon både kjente, og ikkje fullt så kjente songar for roller dei ikkje ville blitt casta til: Roller som opphaveleg er skrivne for kvinner. Det blir ein kveld full av song, latter og forvirring.

Andre fredagar kan ein oppleve det beste frå den urbane kulturen når Urban Art Attack igjen entrer teateret, eller ein kan få med seg nokre av Jazzens perler med Tiril Heide-Steen, Gjertrud Jynge med romanisongar, poesislam, Motown-hits og mykje mykje meir.


Bikubekveld er Det Norske Teatrets faste fredagskveldstilbod. Ein kan for eksempel ta turen etter å ha sett ei framsyning, eller etter å ha inntatt fredags-tacoen. 22.30 kvar fredag er det anten konsert, gjestespel, open mikrofon eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre - eller noko heilt anna på scenen i Bikuben.

Her kan du lese meir om heile programmet for Bikubekveld våren 2018.

(WO) MAN – UP 2!

Fredag 12. januar.

Med: Sigurd Vespestad Marthinussen, Hans Magnus Rye, Mikkel Gythfeldt, Daniel Mauricio, Richard Lessie, Sindre Bjørke Høyang, Jonas F. Urstad, Carl Martin Prebensen

Musikarar: Mathias Luppichini, Ketil Kristiansen, Simon Aarset

URBAN ARTATTACK

Fredag 19. januar – utvida opningstid til 00.30!

DEI SEKS RARE

Fredag 26. januar

SALSA GROOVE FAMILIA

Fredag 2. februar

DA MUSIKALEN BLEI REMIXA

Fredag 9. februar

THE BOOK OF MORMON SYNG MOTOWN!

Fredag 16. februar

CANTANGO – EIN TRIST TANGOKVELD

Fredag 23. februar

TIRIL HEIDE-STEEN MED TRIO – EIN JAZZKONSERT PÅ NORSK

Fredag 2. mars

SLAM!

Fredag 9. mars

LOST IN LA LA LAND – EIN SPEED-DATE MED PASEK & PAUL

Fredag 16. mars

JYNGE & LEITE

Fredag 13. april

NORSK PÅ NORSK

Fredag 13. april

MONOLOGBONANZA – TILVERETS LETTHEIT: EIT FYSISK MONOLOGKURS

Fredag 20. april

PETTER WINTHER MED BAND: A SUDDEN CHANGE OF SCENERY

Fredag 27. april

I FEEL THE EARTH MOVE UNDER MY FEET

Fredag 4. mai

BEATLES IN DISGUISE WITH DIAMONDS

Fredag 11. mai

AFRIKANSKE RØTER

Fredag 25. mai

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge