Gå videre til innhold
Ane Dahl Torp ser inn i framtida med Solaris korrigert. Foto: Erik Berg.
Ane Dahl Torp ser inn i framtida med Solaris korrigert. Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Det Norske Teatret lanserer digitalt teater

I dagane da teatret må halde stengt, vil teateret finne nye vegar å nå ut til publikum. Først ut er premiere på digitalversjon av den prisvinnande og kritikarroste teaterframsyninga Solaris korrigert.

SOLARIS KORRIGERT - digitalt teater
av Øyvind Rimbereid
PREMIERE FREDAG 20. MARS KL. 21.00
I EI STOVE NÆR DEG
Live på Facebook i kveld. Framsyninga blir også liggande på våre nettsider ei tid framover.

– Vi står i ein krevjande situasjon, men vi er en sterk organisasjon som handterer krisa som har ramma oss sammen. At det er så usikkert når en normaltilstand igjen kan bli oppretta gjer det heile svært vanskeleg, seier teatersjef Erik Ulfsby om det å drive eit teater som må halde stengt grunna den nasjonale koronakrisa. - I underlege tider som desse, er det meir bruk for kunsten enn nokon gong. Ein roman, eit musikkverk eller ei teaterframsyning kan gi rom for refleksjon og ro. Vi er eit hus fylt med kreativitet, og kriser og motgang har ein tendens til å få kreativiteten til å blomstre. Det er nett dette som hender blant dei tilsette no, seier han.

Digitale innblikk i kvardagen

I staden for å berre stenge dørene, har Det Norske Teatret bestemt seg for å finne nye måtar å nå ut til publikum på, og med dette fylle samfunnsoppdraget som kulturaktør gjennom å tilby digitale versjonar av teaterframsyningar frå repertoaret. Teaterets kunstnarar og andre tilsette vil også gjerne gi eit innblikk i ein kvardag slik den artar seg no.

Første digitale vising

I Solaris korrigert, som hadde premiere på Hovudscenen i 2015, undersøkjer skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig kva framtida kan seie oss om oss sjølve i dag gjennom Øyvind Rimbereids fortellande science fiction-dikt. Det handlar om robotoperatøren Aig, som er i ferd med å flykte inn i ei virtuell verd fordi jorda er blitt ubeboeleg. Framsyninga blei heidra med Heddaprisen for Årets teaterprosjekt, Beste kvinnelege hovudrolle og Beste audiovisuelle design i 2016. No kjem den for første gong ut som digitalt teater. 


Les meir om Solaris korrigert på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge