Gå videre til innhold
Det Norske Teatret opnar sommaren på kulturslottet Oscarshall

Pressemelding -

Det Norske Teatret opnar sommaren på kulturslottet Oscarshall

Utandørsversjon av Haugtussa, Oskar Braaten, Jakob og Neikob, hip hop-workshop og norsk taterhistorie står på programmet når Det Norske Teatret overrekker si teatergåve til kongeparets 80-årsdag på Oscarshall i helga. Gåva er meint å komme folket til gode.

SOMMAR PÅ KULTURSLOTTET OSCARSHALL
DET NORSKE TEATRETS GÅVE

FREDAG 19. MAI
kl. 19.30: Frå landevegen
kl. 21.30: Ein midsommarnattsdraum (utdrag)
kl. 23.00 Haugtussa


LAURDAG 20. MAI

kl. 15.00: Lesing frå Edda av Jon Fosse
kl. 17.00: Mens hjula står - ein Oskar Braaten-kabaret

SØNDAG 21. MAI
kl. 13.00 og 14.30: Jakob og Neikob
kl. 14.00: Hip hop-workshop for barn

19. til 21. mai overtar Det Norske Teatret dei kongelege kulissane på Oscarshall når gåva til kongeparets 80-årsdag formelt blir overrekt. Lystslottet på Bygdøy blir forvandla til eit kulturslott denne sommaren når heile det norske scenekunstfeltet slår seg saman om ei felles bursdagsgåve. Og gåva kjem heile folket til gode. I sommar står kulturopplevingar i kø i form av konsertar og framsyningar som tar i bruk heile det praktfulle anlegget ved Frognerkilen. Oscarshall blir opna i midten av mai og i tillegg til eit 40-tals arrangement vil det vere omvisingar, open kafe og høve til å ta parken i bruk gjennom den lyse årstida.

MEIR OM DET NORSKE TEATRETS PROGRAM PÅ OSCARSHALL

FREDAG 19. MAI

FRÅ LANDEVEGEN
kl. 19.30 NB! Oppmøte og første del av framsyninga på Folkemuseet – vandring til Oscarshall
Skodespelar Gjertrud Jynges tippoldefar, presten Jakob Walnum, skipa i 1897 ein misjon for å verke blant taterane, Romanifolket. For å bli som andre gode nordmenn, blei dei vaksne sett til tvangsarbeid og barna sende på barneheimar, ofte tekne frå foreldra med makt.

Gjennom song og dokumentarisk materiale fortel Gjertrud Jynge om denne misjonen som med støtte frå storting, regjering og kongehus blei ein motor i den brutale fornorskinga av taterane gjennom hundre år, ei historie om den flytande overgangen mellom gode intensjonar og framvoksteren av ein skremmande raseideologi.

EIN MIDSOMMARNATTSDRAUM (utdrag frå studentvising, Det Multinorske)
kl. 21.30 (gratis)
Varar i 20-30 min.

HAUGTUSSA
kl. 23.00 – Utandørs
Skodespelar Ane Dahl Torp og komponist og trompetist Sjur Miljeteig har gjort Arne Garborgs nasjonalepos om den synske ungjenta Veslemøy til ei eksplosiv og suggererande framsyning. Denne gongen har dei skreddarsydd ei vising for Oscarshalls utescene.

LAURDAG 20. MAI

LESING FRÅ EDDA AV JON FOSSE 
kl. 15.00
Fosse har gitt dei norrøne Edda-dikta si personlege form, og har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar. Han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne. Det Norske Teatrets skodespelarar vil lese utdrag frå Fosses tekst i ei dramatisert lesing.

MENS HJULA STÅR - EN OSKAR BRAATEN-KABARET
kl. 17.00
Unn Vibeke Hols kabaret har turnert sidan premieren i 2003, og er tufta på ein livslang kjærleik til Oskar Braaten og hans frodige, humoristiske og vemodige karakterar. Framsyninga består av tekstar av den folkekjære arbeidardiktaren og songar som høyrer tida og miljøet til. Musikken er med på å skape eit Sagene i miniatyr – eit samfunn i spennet mellom flaska og Frelsesarmeen. 

SØNDAG 21. MAI

JAKOB OG NEIKOB
kl. 13.00 og 14.30 – Utandørs (Barn frå 3 år)
Jakob seier alltid JA til alt, Neikob seier alltid NEI. Dei bur saman i eit hus på ein bakketopp. Ein dag møter dei den lure Tjuven. Han bryr seg ikkje om kva nokon av dei meiner, han gjer berre som han sjølv vil. Heldigvis finn dei to på noko lurt, og det går bra til sist denne gongen også.

Jakob og Neikob handlar om vennskap. Og om at ein av og til må utfordre seg sjølv: Jakob lærer at ein av og til må seie NEI, og Neikob lærer at ein av og til må seie JA – elles opplever ein aldri noko nytt!

HIP HOP-WORKSHOP FOR BARN 
Søndag 21. mai kl. 14.00 – Utandørs (Barn frå 6 år)Velkommen til ein magisk dag med beatbokse-kurs og danse-verkstad! Det Norske Teatret og hip hop-guruane Beatur, Marcus Andreassen, Belinda Braza og Rina Rosenkvist inviterer til å slå seg laus med raffe rørsler. Vi lovar musikk, heftige rytmar og pur danseglede!


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge