Skip to main content

Psykologisk forskingsrapport blir teater

Pressemelding   •   feb 06, 2017 07:32 CET

Kai Remlov og Britt Langlie - begge pensjonistar - skal spele både pasient og psykoterapeut i framsyninga Overføring, basert på ein psykologisk forskingsrapport.

Kva har ein psykoterapeut lært om menneskesinnet, livet og seg sjølv? Dette spørsmålet har det no blitt både forskingsrapport og teater av.

OVERFØRING
- EI FRAMSYNING OM PSYKOTERAPI
Basert på psykolog Marit Råbus intervju med eldre kollegaer. Til teater ved Tyra Tønnessen
URPREMIERE 22. FEBRUAR KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Sceneveteranane Toralv Maurstad (90), Wenche Elena Medbøe (76), Britt Langlie (71), Kai Remlov (70), Erik Hivju (69) og Grethe Ryen (67) – seks erfarne og livserfarne skodespelarar – har fått i oppgåve å gi scenisk liv til vitnesbyrd frå 13 pensjonerte psykoterapeutar. Livet og yrkeserfaringane skodespelarane har gjort, er ikkje utan overføringsverdi for rollane. Nokre av utfordringane og dilemma som terapeutane står overfor, kan ein samanlikne med dei skodespelaren møter. Ein må bruke all kunnskap, erfaring og innleving for å kunne setje seg inn i livsverda til eit anna menneske.

FRÅ FORSKING TIL TEATER

Overføring er noko så særeigent som ei teaterframsyning som hentar stoff frå eit psykologisk forskingsprosjekt. Orda som blir sagde på scenen er henta frå ei undersøking gjennomført av psykolog Marit Råbu. Ho meiner tema knytte til psykisk helse og psykoterapi er av interesse for eit langt større publikum enn dei som les forskingsartiklar, og kontakta derfor regissør Tyra Tønnessen, som har omarbeidd stoffet for scenen. Forskingsrapporten inkluderer intervju med 13 pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. Råbu ønskte å sjå nærare på korleis har det å arbeide med terapi påverka dei som menneske. Livet og erfaringane til den første generasjonen norske psykoterapeutar speglar viktige straumdrag i etterkrigstida, der synet på både psykologifaget og individet har vore i drastisk endring.

SISYFOSARBEID

Psykoterapeutane fortel om personleg forsaking til fordel for yrket. Om motløysa ved å gå i ringar med pasientar som ikkje klarer å endre livsmønstra sine, og dei fortel om at dei trudde dei skulle bli meir garva med åra, men har opplevd det motsette. Dei skildrar ein einsam jobb, der dei tek med seg problema frå arbeidsdagen heim, men ikkje kan diskutere det som opptek dei med familien. Men også om gleda ved å ha ein viktig jobb, oppleve at pasientar får tilbake livsgnisten eller oppnår positiv livsendring.

TEATERSAMARBEID

Det er første gongen Det Norske Teatret og Nationaltheatret samarbeidar om ei teaterframsyning.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar