Skip to main content

Gruvedebatt til scenen

Pressemelding   •   nov 09, 2016 13:14 CET

Ingá Márjá Sarre spelar ein av ungdommane som gjer opprør mot gruvedrift i Mávssaheapmi / Hemn.

Kva skjer med eit lokalsamfunn når industrien gjer sitt inntog?

MÁVSSAHEAPLMI / HEMN
GJESTESPEL FRÅ
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš
AV SVEN HENRIKSEN
TYSDAG 15. NOVEMBER KL. 20.30 OG ONSDAG 16. NOVEMBER KL. 19.00
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Mávssaheapmi / Hemn er ei musikalsk teaterframsyning som tar for seg brytningane i det moderne samiske samfunnet. Etablerte tankesett og oppfatningar blir utfordra i møte med den nye tida; Kva er riktig og hva er gale? Kva blir konsekvensane? Kan det nye og det gamle leve side om side?

Eit stort gruveselskap vil starte drift i Sápmi. Lokalsamfunnet og familiar blir splitta. Nokre gjer opprør, andre ønskjer det nye velkommen.
– Det finst ingen enkle svar på konfliktar om urfolk og naturressursar. Eg har prøvd å vise det «vesle» mennesket som blir ramma av konflikt når levebrødet står i fare for å bli tatt ifrå dei. Samstundes ønskjer eg å utfordre gamalt tankegods som kan hindre ein kultur i å utvikle seg: Om ein kultur blir statisk – vil den døy ut seier dramatikar Sven Henriksen.

Medan somme er glade for arbeidsplassar og sysselsetting, er andre kritiske til konsekvensar for naturen, kulturlandskap og urfolksområde. Dette er ein brennaktuell debatt i Kautokeino for tida, der gruveselskapet Arctic Golds ønskjer å etablere gruvedrift.

Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar