Gå videre til innhold
Heidrar Jon Fosse med festival i 10 dagar

Pressemelding -

Heidrar Jon Fosse med festival i 10 dagar

Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret markerer at det i 2019 er 25 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar, og i september fyller diktaren 60 år.

DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN
6. - 15. SEPTEMBER
DET NORSKE TEATRET

I 2019 er det 25 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar på Den Nationale Scene med Og aldri skal vi skiljast. Den internasjonalt anerkjende forfattaren fyller 60 år i september, og det har fått Det Norske Teatret til å rydde scenane 6. - 15. september for å gi plass til den største dramatikaren Noreg har hatt sidan Henrik Ibsen.

I tillegg til Det Norske Teatret sine eigne framsyningar, Trilogien, Nokon kjem til å kome og Leve hemmeleg, blir det gjestespel, foredrag, debattar og konsert med Sandra Koldstad. Kort sagt – festival!  – Den internasjonale Fossefestivalen 6. - 15. september vil ikkje berre legge til rette for gode teateraugneblinkar, men òg gi høve til å diskutere det moderne teateret og den moderne scenekunsten seier teatersjef Erik Ulfsby.

Tre eigne premierar på rad
Festivalen sparkast igang med premieren på Trilogien 6. september på Hovudscenen med Luk Perceval som regissør. 23 år etter urpremieren på Det Norske Teatret har Nokon kjem til å kome premiere 7. september på Scene 2 med Kai Johnsen på regi. Og regissør Trine Wiggen har bl.a. teke utgangspunkt i tekstar frå Jon Fosses Kortare stykke og sett saman til framsyninga Leve hemmeleg  med premiere 8. september på Scene 3. 

Europeisk stjerneregissør endeleg i Noreg
Trilogien blei i 2015 tildelt Nordisk råds litteraturpris, og har båtreisa som eit sentralt element som går igjen. - Regn, vatn, hav og båtar. Det er viktige element i Trilogien. Både som eit bilete eller eit symbol, men også som ein konkret båt. Båtar fortel ei historie om dei som må flytte på seg heile tida, dei heimlause og dei foreldrelause, liksom Asle og Alida. Og sjølvsagt om dei som lever av havet, seier den belgiske regissøren Luk Perceval, som sjølv har budd i båt medan Trilogien blir prøvd opp. Perceval gler seg til å setje opp Jon Fosse på originalspråket.– Fosse er unik fordi han har skapt eit språk for dei usagte orda, seier Perceval, som tidlegare har satt opp ein av dei mest kritikarroste og omtala versjonane av Draum om hausten i Tyskland.

Lansering av nytt romanverk på første festivaldag
Same dag som Trilogien har premiere på Det Norske Teatret lanserer Jon Fosse og Samlaget første band i romanserien Septologien på teatretVerket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju. Romanverket er allereie seld til ei rekkje land, blant anna Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, England, Spania og Ungarn.

Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget i samarbeid med Colombine teaterförlag.

LES MEIR OM PROGRAMMET TIL FESTIVALEN HER

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge