Gå videre til innhold
Framsyninga Idiomatic er ein del av "Drama goes digital"-prosjektet og nyttar ein taleregistrator som translatør mellom skodespelarane og publikum. Foto: Albert Dobrin.
Framsyninga Idiomatic er ein del av "Drama goes digital"-prosjektet og nyttar ein taleregistrator som translatør mellom skodespelarane og publikum. Foto: Albert Dobrin.

Pressemelding -

Internasjonale teknolab-framsyningar til Noreg

Ein taleregistrator som improviserer og eit kritisk blikk på kva teknologi gjer med kjenslene våre, er ingredienser i dei to gjestespela som er resultat av ei internasjonal teaterteknologisatsing som no kjem til Noreg.

STAGE YOUR CITY
og
IDIOMATIC
NOREGSPREMIERER 7. JUNI KL. 16.00 og 20.30

EUROPEAN THEATRE CONVENTION KONFERANSE: DRAMA GOES DIGITAL
7. - 9- JUNI

Teater er ein eldgamal kunstform, men har alltid nytta mekanikk og teknologi i skapeprosessen. Under overskrifta Drama goes digital kjem no to internasjonale teaterframsyningar til Noreg som utforskar kva ein kan utrette i spennet mellom teater og teknologi i stadig raskare utvikling.

KAPRAR BYROMMET

Framsyninga Stage your city er ein installasjon, ein gåtur i byrommet og ei teaterframsyning i eitt. Publikum blir delt inn i grupper og presentert for eit framtidssamfunn der teknologi legg til rette for at alt er behageleg rundt oss - men der menneska ikkje lenger er i stand til å elske. Gjennom ei fysisk og emosjonell reise vil publikum med digitale hjelpemiddel bli stilt overfor ulike filosofiske dilemma.

Les meir om Stage your city.


BABELSK FORVIRRING

I Idiomatic blir fem skodespelarar frå ulike europeiske land kasta inn på scenen for å improvisere fram ei teaterframsyning. Den siste aktøren er ein taleregistrator som kan omsette frå alle språka dei snakkar. Men kva skjer når også teknologien byrjar å improvisere? Idiomatic undersøkjer kva språk har å seie for identiteten vår og korleis vi blir oppfatta. Kva hender når vi ikkje kan forstå kvarandre?

Les meir om Idiomatic.

TEKNOLOGISK TEATERLAB

I samarbeid med fleire teater knytt til det europeiske teaternettverket ETC, har Det Norske Teatret vore del av eit prosjekt under European Theatre lab som har fått overskrifta Drama goes digital. Framsyningane Den siste kongsfesten, som hadde premiere her på teatret i april, og Peer Gynt, som alt har hatt premiere i Zagreb i april og som kjem opp på Hovudscenen til hausten, er også del av denne digitale utforskinga.

Les meir om European Theatre lab.

EUROPAS STØRSTE TEATERNETTVERK MED KONFERANSE

European Theatre Convention (ETC) er det største nettverket av offentleg støtta teater i Europa, med meir enn 40 medlemsteater frå over 20 land. 7. – 9. juni held dei sin internasjonale teaterkonferanse på Det Norske Teatret. Konferansen vil ha fokus på digitalt teater, og vise internasjonale produksjonar frå det EU-finansierte prosjektet «European Theatre Lab: Drama goes digital».

Les heile konferanseprogrammet.

Idiomatic og Stage your city blir også viste under Heddadagane.

Stage Your City er eit prosjekt skapt av partner-teatera Centre Dramatique National Nancy-Lorraine (F), Badisches Staatstheater Karlsruhe (DE) og Kote Marjanishvili State Theatre Tbilisi (GE), co-produsert av European Theatre Convention (ETC).

Idiomatic er ein co-produksjon mellom Transquinquennal, Brussels (BE), Théâtre de Liège (BE), Teatrul National “Marin Sorescu” Craiova (RO) og Det Norske Teatret (NO).

European Theatre Lab: Drama Goes Digital har blitt utvikla med støtte frå Creative Europe-programmet til EU.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge