Gå videre til innhold
Johan Turi - den første samiske forfattaren
Johan Turi - den første samiske forfattaren

Pressemelding -

Kan ei bok endre synet på eit heilt folk?

I 1910 blei den første samiske boka gitt ut. Boka handla om samiske reindriftsamar og var med på å endre folks oppfatning av det samiske folket. No har det blitt teater av forteljinga om mannen bak boka - Johan Turi.

JOHAN TURI
URPREMIERE ONSDAG 6. SEPTEMBER KL. 18.00 
Gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Johan Turi hadde ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv. På byrjinga av førre århundre blei dei sett på som eit samfunnsproblem, og han ønskte å gi myndigheitene kunnskap om levesettet deira, og på den måten påverke styresmaktene til å endre syn på samanes livsførsel. På ei togreise gjennom Skandinavia møtte Turi konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukka den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp, som drøymde om eit nomadisk liv. Kunne Lundholm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum? Og kunne han hjelpe Demant med å oppfylle sin? Johan Turi er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.

HISTORIE FRÅ VERKELEGHEITA

Johan Turi (1854-1936) var ein reineigar frå Kautokeino, og blir rekna som den første samiske forfattaren. Grunna reguleringar i flyttsamanes drift, valde han å flytte til Kiruna-traktene i Sverige med reinflokkane og familien sin i 1870-åra. Her blei han også kjend som ein dyktig ulvejegar. I 1910 gav han ut den første boka skrive på samisk; Muitalus sámiid birra – En bog om lappernes liv, i tett samarbeid med Emilie Demant. Gjennom tekst og illustrasjonar skildrar boka samiske reindriftsamars liv og tradisjonar på byrjinga av 1900-talet. Boka blei sidan omsett til svensk, engelsk, tysk, ungarsk, japansk, italiensk og finsk.

Framsyninga er eit gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og slir spelt på nord-samisk og teksta til nynorsk.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge