Gå videre til innhold
Morten Svartveit speler rolla som Kafka Tamura i noregspremieren på Kafka på stranda.
Morten Svartveit speler rolla som Kafka Tamura i noregspremieren på Kafka på stranda.

Pressemelding -

Murakamis Kafka på stranda som teater

Haruki Murakami er Japans mest kjente og hylla forfattar her i Vesten, og namnet blir stadig nemnt mellom Nobelpris-kandidatane. No blir teaterversjonen av boka Kafka på stranda sett opp i Noreg for første gong.

KAFKA PÅ STRANDA
AV HARUKI MURAKAMI, DRAMATISERING VED FRANK GALATI
NOREGSPREMIERE FREDAG 16. FEBRUAR KL. 19.30
DET NORSKE TEATRET, SCENE 2

I Haruki Murakamis verd flyt draumar og verkelegheit over i kvarandre, spøkelse finst og menneske kan snakke med kattar. Derfor blir bøkene hans ofte omtalte som surrealistiske, mystiske og rare. Han er ikkje redd for å ta i bruk overnaturlege fenomen og let seg inspirere av både japanske og vestlege mytar og popkultur.

Rømmer frå skjebnen

15 år gamle Kafka Tamura (Morten Svartveit) blir fortalt at han ein dag skal drepe sin eigen far og ligge med den bortkomne mora og søstera si. For å sleppe unna faren og denne mørke ødipale profetien flyktar han frå heimen i Tokyo. På bussen møter han ei ung kvinne (Agnes Kittelsen), som kanskje er søster hans og som hjelper han med å finne ein plass å bu i ein liten småby. Her får han jobb ved eit bibliotek drive av den gåtefulle frøken Saeki (Ane Dahl Torp), som kanskje er mor hans? Er reisa hans bestemt av skjebnen, kan han komme unna fortida si, eller vil han bli innhenta av familiespådomen?

Kattar og parallelle univers

Vi møter også den gamle mannen Satoru Nakata (Lasse Kolsrud), som har evna til å snakke med kattar. Han kjem i kontakt med to mystiske kjeltringar; kattedreparen Johnnie Walker (Geir Kvarme) og ein kvitkledd hallik med tilgang til ei parallell verd. Dei mytiske motiva er gjenkjennbare, men er det søstera og mora han møter? Finst det ei løysing på alle gåtene?

Det er regissør Carl Jørgen Kiønig som i lag med komponist og tidlegare band-kollega Åsmund Feidje, skal gjenskape Murakamis univers på scenen i ein nedstrippa scenografi av Milja Saalovaara.

Les meir om Kafka på stranda her.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge