Gå videre til innhold
Skodespelarar ved Det Norske Teatret har meir helgefri enn tidlegare

Pressemelding -

Skodespelarar ved Det Norske Teatret har meir helgefri enn tidlegare

Norsk Skuespillerforbund tar ut stevning mot Arbeidsgiverforeningen Spekter og Det Norske Teatret fordi dei meiner teateret bryt tariffavtalen ved å innføre søndag som fast speledag.

I pressemeldinga frå Skuespillerforbundet torsdag 17. november kan ein få inntrykk av at Det Norske Teatrets skodespelarar må spele inntil 2 framsyningar kvar søndag. Dette stemmer ikkje. Skodespelarane ved Det Norske Teatret har i løpet av kalenderåret 2016 i snitt spelt i overkant av 3 framsyningar kvar på søndagar. Som kompensasjon har teateret innført prøvefri for alle på laurdagar. Dette har vore ei populær ordning som har ført til at skodespelarar ved Det Norske Teatret har meir helgefri enn dei hadde tidlegare og meir helgefri enn kollegaer ved andre faste scener.

Det Norske Teatret vidarefører ei ordning som blei innført i 2014. Etter at den lokale avtala utløp i april 2016 har det ikkje vore nokre forsøk på å løse dette lokalt frå Skuespillerforbundets side, slik dei hevdar i pressemeldinga.

Ved å spele på søndagar har teateret tatt omsyn til at publikum ønskjer å gå i teateret når dei har tid. Ikkje minst gjeld dette for barnefamiliar som har hektiske kvardagar. Teateret har ønskt å leggje til rette for å vere mest mogleg tilgjengeleg og publikum har respondert positivt. Ekstrainntektene som søndagsframsyningane har skaffa teateret har mellom anna gått til å gi fleire talentfulle unge skodespelarar engasjement ved teateret. Vi opplever at det er god oppslutning rundt tiltaket både frå publikum og våre eigne; og at ikkje minst skodespelarane ved teateret ser verdien av at teateret vinn meir publikum, kan tilsette nye kollegaer og at dei sjølv har fått meir og forutsigbar helgefri.

Det Norske Teatret opplever med andre ord ikkje nokon lokal konflikt rundt søndagsspeling, men tar til etterretning at Skuespillerforbundet sentralt prøver saka i Arbeidsretten.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge