Gå videre til innhold
Charlotte Frogner og Oddgeir Thune har dei største rollene i denne bisarre forteljinga frå ein av Kroatias ruvande litterære skapnader. Foto: Eirik Malmo.
Charlotte Frogner og Oddgeir Thune har dei største rollene i denne bisarre forteljinga frå ein av Kroatias ruvande litterære skapnader. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Spennande teatersamarbeid med Kroatia

Kva skjer når fortida kjem for å ta deg? Når dei daude står opp for å ta fatt på dei uløyste oppgåvene og historia gjentar seg igjen og igjen?

DEN SISTE KONGSFESTEN
NOREGSPREMIERE 27. APRIL KL. 19.30
SCENE 2

Den siste kongsfesten går føre seg i ein liten by i det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet nokre år før første verdskrigen bryt ut. Her møtest alle som likeverdige - borgarskap og bønder, kastanjeseljarar, ostehandlarar, snopseljarar, tryllekunstnarar, gravgravarar og fest-og-moro-jenter. Hausttakkefesten er eit kvervlande kaos av fylleslagsmål, uanstendigheiter og alkohol. Alle festar som om det var det siste dei skulle gjere, med ein brutalitet som speler opp mot krigen som snart skal kome. Blant desse er Janez, som har fridd til den løgnaktige gledesjenta Anka og fått nei. Fortvila og full henger han seg i byens bordell.

GJENGANGARAR

Men Janez nektar å gi opp. Han har lyst på henne og må berre prøve ein gong til. Som ein levande død kjem han gåande tilbake til festen, klar for ein ny runde. Der hamnar han straks i eit trekantdrama, og må sjå seg slått igjen. Det som skal vere ei folkeleg feiring med gateseljarar, sirkus og drikkeboder blir i staden skildra som ei grotesk verd på veg utfor stupet.

I denne delen av Europa har gjenferda eller gjengangarane komme og gått langt hyppigare enn hos oss. Kanskje lever dei tettare på vissheita om at historia gjentar seg og at dei døde stig opp med jamne mellomrom for å hemne seg? Eller for å fullføre verket?

KAOS OG UORDEN

Ivica Buljan, dramasjef ved Nasjonalteateret i Zagreb og ein anerkjent regissør i heimlandet, skal setje i scene dette stykket som blir rekna til ein av dei sentrale klassikarane i Kroatia. Kraljevo, eller Den siste kongsfesten, er skrive av ein av landets mest kjende dramatikar, Miroslav Krleža, som levde frå 1893 til 1981. Gjennom sitt lange liv opplevde han store og dramatiske endringar i det sentrale Europa på kroppen. I dette tidlege stykket skildrar han med nesten profetisk skarpheit korleis alliansane i det gamle konge- og keisardømet kollapsar og kaos og uorden gjennomsyrer stykket, som er eit av hans mest kjende ekspresjonistiske verk.

INTERNASJONALT SAMARBEID

Prosjektet er ein del av ETC-prosjektet Drama Goes Digital, der Det Norske Teatret samarbeider med Nasjonalteatret i Kroatia, Hrvatsko Narodno Kazalište i Zagreb, og forskar i ny teknologi. Erik Ulfsby har nyleg, og som ein del av det same prosjektet setje opp Peer Gynt i Zagreb. Denne framsyninga har premiere for det norske publikum til hausten med mellom andre Toralv Maurstad i hovudrolla.


Les meir om Den siste kongsfesten

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge