Skip to main content

Teaterhausten på Det Norske Teatret er klar!

Pressemelding   •   apr 10, 2018 10:00 CEST

Det Norske Teatret i full gang med å forberede teaterhausten.

Mange titlar, overraskande skodespelarnamn og nye regissørar i haustens repertoar på Det Norske Teatret. 

Klassikarar i ny tapning

Først ut er Macbeth som med Preben Hodneland i tittelrolla får premiere 1. september på Scene 2. Blodet straumar gjennom Shakespeares mørke tragedie om maktas pris og angstens vesen. Regien er ved Peer Perez Øian. 9. september er det premiere på Hovudscenen  med Toralf Maurstad i rolla som Peer Gynt. Nok ein gong skal han gi seg i kast med denne rollen som han har brynt seg på opptil fleire gonger gjennom eit langt liv ved scenen. Regien er ved Erik Ulfsby.

Nye namn ved teateret

Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer seinare i september med ei personleg og galgenhumoristisk framsyning om å leve med å stadig frykte det aller verste. Det går betre no har han kalla framsyninga, men er framleis litt i tvil om det er tilfelle. Premieren er 21. september på Scene 2 og regien er ved Thomas Giertsen. Tusen takk teater er tittelen på stykket som får premiere på Scene 2 den 19. oktober. Marco Reinertsens tekst er ei rekkje lause fragment som minnar om ein indre monolog, ein tankestraum hos ein ustabil person som kanskje kunne ha elska livet. Angelina Stojcevska har regien.

Familiesatsingar

For familien og dei yngste kan ein både besøke Hovudscenen og Scene 2 til hausten. På den store scenen er ei ny eventyrsatsing under oppsegling.  Nila og den lange reisa er tittelen på eit nyskrive stykke som med utgangspunkt i eventyr frå heile verda spinner ei forteljing om fantasiens kraft .Nila er på flukt frå krigen med bestefaren, med seg på reisa har dei ei evne til å sjå fargar og magi i ein situasjon som er nokså håplaus. På Scene 2 får vi møte HyPer. Han er 10 år og har maur i buksa. På skolen er han klassens urokråke og får i grunnen mest berre negative tilbakemeldingar. Men så oppdagar rektor at dei deler ei interesse for det gamle Egypt. Petter Næss har regien på HyPer i Egypt som er basert på Thor Soltvedts populære bøker om HyPer.

Ambisiøst på Scene 3

Scene 3 opnar med ein nyskrive tekst av Kristin Auestad Danielsen om ein situasjon stadig fleire unge vaksne opplever. Mari har eigentleg fiksa det meste, likevel har ho flytta tilbake på pikerommet - overvelda av livet og ute av stand til å gripe fatt i det. Victoria Meirik har regien på  Vår vesle  og Agnes Kittelsen spelar rolla som den unge kvinna. Seinare på hausten kjem Jim Morrison til Scene 3 i Hans Rønningens skikkelse. Bjørn Sundquist har regien på stykket som har fått tittelen Haust i helvete - Eg er Jim Morrison. Vi møter ein mannsperson som i glimt trur han er frontfiguren i det legendariske 60-talsbandet The Doors. Det nyskrivne stykket l.i.f.e.g.o.e.s.o.n av Rolf Kristian Larsen avrundar sesongen med eit galgenhumoristisk portrett av den grå og anonyme Brille. Heidi Gjermundsen Broch skal spele den middelaldrande byråkraten som brått får det travelt med å leve når kreftdiagnosen gir kort tidshorisont.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar