Ccj4k18pol7osphqe78s

Førdefestivalen slepper temaet for festivalen i 2018

Pressemeldinger   •   des 14, 2017 06:30 CET

Dansen i musikken - musikken i dansen! vert temaet for den neste Førdefestivalen, som går av stabelen 4.-8. juli 2018. -Vi vil hylle dansen og dansemusikken både gjennom å presentere den frå scena og invitere til den sosiale dansen for alle, seier direktør Hilde Bjørkum, og ikkje minst få fram sjølve nerven i samspelet mellom dansespelemannen og dansaren - som skaper dansemagi!

Cmfpgkyjtbcn3tgqoouh

Førdefestivalen - ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017

Pressemeldinger   •   nov 21, 2017 11:42 CET

Førdefestivalen er kåra til ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017. Prisen vert delt ut av FolkOrg til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement, og vart overrekt på bransjetreffet FOLKELARM i Oslo.

Yqphxaltzrtfamdjidd4

​Klangen av Norden og lyden av verda på Førdefestivalen 2017

Pressemeldinger   •   mar 16, 2017 13:47 CET

Forboden musikk frå Kapp Verde på Hafstadfjellet, 706 moh; ørkenblues frå Mali på elvebreidda ved Jølstra; samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet, nyskapt ‘arkivmusikk’; sylskarpe bulgarske kvinnestemmer i kyrkjerommet; tango direkte frå Buenos Aires, moderne samisk joik og videokunst og ei storstila satsing på nordisk folkemusikk er noko av det publikum i Førde får oppleve i juli!

Rcx3dgnwz3regdzvjogr

«Klangen av Norden» i fokus på Førdefestivalen 2017

Pressemeldinger   •   des 01, 2016 13:38 CET

- Dette har aldri vore gjort før, seier direktør Hilde Bjørkum, når ho presenterer den store satsinga på «Klangen av Norden» som tema for Førdefestivalen 2017. Hovudsatsinga er prosjektet «Nordic Sound Folk Orchestra» eit all-nordisk strykeorkester på førti musikarar og solistar, som skal framføre spesialskriven musikk frå fire nordiske komponistar.

Kontaktpersoner 1 kontaktperson

  • Pressekontakt
  • Kommunikasjonssjef
  • torill.faleide@fordefestival.no
  • +47 90 73 85 27

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Opplevingar for livet!

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Adresse

  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
  • Førdehuset Angedalsvegen 5
  • 6800 Førde
  • Norge