Skip to main content

Tags

Førdefestivalen nominert til europeisk festivalpris

Førdefestivalen nominert til europeisk festivalpris

Nyheter   •   jun 11, 2019 16:02 CEST

Førdefestivalen er ein av 24 festivalar som er nominerte til Festivals for Europes EFFE Awards for 2019-2020. Prisen vert delt ut annankvart år til festivalar med høg kunstnarleg kvalitet som er med å utvikle lokale og regionale kunst- og kultursamarbeid. Vinnarane skal presenterast under seremonien EFFE AWARDS i Brüssel 26. september 2019.

Førdefestivalen slepper tema og første artistar for 2019

Førdefestivalen slepper tema og første artistar for 2019

Nyheter   •   jan 25, 2019 14:23 CET

Tema for ​Førdefestivalen 2019: 30 år utan grenser!

​Arne Osland ny styreleiar for Førdefestivalen

​Arne Osland ny styreleiar for Førdefestivalen

Nyheter   •   des 18, 2018 11:39 CET

Arne Osland er utnemnd til ny styreleiar for Førdefestivalen frå 2019. Osland er utviklingsdirektør ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, og er utnemnd til styreleiarvervet av Sogn og Fjordane Fylkeskommune for ein periode på 2 år. Arne Osland tek over etter Tone Winje. Ho går av etter eige ønskje.

God start på den 29. Førdefestivalen

God start på den 29. Førdefestivalen

Nyheter   •   jul 06, 2018 16:33 CEST

​-Vi har fått ein fantastisk start på den 29. Førdefestivalen, strålar avtroppande direktør, Hilde Bjørkum. Dansen i musikken - musikken i dansen er temaet på festivalen, og etter to dagar med festival, kan direktøren slå fast: -Folk er klare for å danse!

Førdefestivalen si årsmelding for 2017

Førdefestivalen si årsmelding for 2017

Nyheter   •   jun 13, 2018 15:57 CEST

Under den 28. Førdefestivalen stod den nordiske musikken i fokus. Klangen av Norden var temaet, med undertittel - og lyden av verda! Med opningskonserten Nordic Sound Folk Orchestra gjennomførte festivalen sitt største kunstnariske prosjekt nokon gong: 40 av Nordens leiande folkemusikarar, komponistar og solistar framførte nyskriven musikk - og gav publikum ei oppleving dei seint vil gløyme.

Kulturelle fyrtårn - viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet

Kulturelle fyrtårn - viktige hjørnesteinar i det kulturelle økosystemet

Nyheter   •   jan 25, 2018 07:00 CET

Direktør Hilde Bjørkum ved Førde Internasjonale Folkemusikkfestival heldt eit av innlegga på Innspelsmøte for den nye kulturmeldinga. Ho løfta 'Den norske modellen', med kunst og kulturproduksjon utanfor dei store sentra som viktige å ta vare på, og stiller spørsmålet: Kva rolle skal kulturlivet og dei kulturelle fyrtårna spele i framtidas kultur-Norge og i Vestlandsregionen?