Nyhet -

God start på den 29. Førdefestivalen

-Vi har fått ein fantastisk start på den 29. Førdefestivalen, strålar avtroppande direktør, Hilde Bjørkum. Dansen i musikken - musikken i dansen er temaet på festivalen, og etter to dagar med festival, kan direktøren slå fast: -Folk er klare for å danse!

Etter ein pangstart med tropisk temperatur på familie-konserten på Halbrendsstølen og cubansk salsakveld med eit sydande dansegolv på kvelden, følgde torsdag på med rundt 2000 folk på opningskonserten som kretsa om temaet Musikken i dansen - dansen i musikken! Kulturminister Trine Skei Grande stod for den offisielle opninga av festivalen, og opningskonserten vart strøyma direkte internasjonalt, og nådde ut til endå fleire enn dei to tusen som sat i salen.

God tilstrøyming

Konsertane på dei små scenene byrjar å bli utselde, og tilstrøyminga til dei store konsertane er jamn. Dansekursa har vore svært populære, og fleire av dei fullteikna. -Vi har sjølvsagt framleis ledig plass til fleire på dei fleste av konsertane på programmet, så det er berre å komme seg til Førde, og nyte ei fantastisk helg med topp folkemusikk frå heile verda, og som du ikkje kan oppleve andre stadar i Norge enn her i Førde, seier Hilde Bjørkum. I år trer ho av, etter å ha invitert meir enn eir enn 7000 musikarar frå over 140 land til Førde dei 29 åra festivalen har eksistert.

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • sogn og fjordane
  • musikkfestival
  • førde
  • førdefestivalen
  • folkemusikk

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27