Skip to main content

Førdefestivalen 2018 slepper heile programmet

Pressemelding   •   mar 21, 2018 07:30 CET

Elida Almeida - den nye stjerna frå Kapp Verde.

Dans og dansemusikk frå heile verda på den 29. Førdefestivalen 

Urban Rumba Catalana og lidenskapleg flamenco frå Spania, halling i ny norsk produksjon, heftig tarantella frå Italia, cubansk salsa, dans frå Solomonøyane, Påskeøya, Taiwan, Madagaskar og Papua New Guinea, steppdans frå Canada, bharatanatyam frå India, polska frå Sverige - og Jølstraspringar i Astruptunet; dette er litt av dansemenyen når Førdefestivalen for 29. året inviterer til musikalsk gjestebod i Førde, 4. - 8. juli i år.


Last ned pressefoto frå Mynewsdesk - eller ta kontakt med Torill Faleide på 90 73 85 27 - torill.faleide@fordefestival.no

Dansen frå verda - til Førde!

Til sin siste festival som direktør, har Hilde Bjørkum hatt dans og dansemusikk i fokus, og sett etter artistar med danseappell i uttrykket sitt. -Det har vore eit kjekt arbeid og som alltid spennande, og eg er utruleg fornøgd med at vi får vise SÅ mange ulike danseuttrykk på festivalen, seier Bjørkum. Ho har alltid har vore ute etter å vise den store breidda og det musikalske mangfaldet som finst på kloden; slik også når det gjeld dans og dansetradisjonar. -Vi har alltid hatt mykje dans på festivalen, men eg trur knappast vi har hatt så mange ulike dansetradisjonar på eitt brett som i år, seier direktøren.

‘Får ikkje eg danse, så døyr eg’

Sitatet er henta frå Tuva Syvertsen, musikar i den nye danseproduksjonen, Dei gamle er eldst. Framsyninga kretsar rundt dei eldre hallingmeistrane våre, dei store førebileta for ein heil generasjon nye dansarar, som trør dansen med livsrøynde kroppar og ein uvurderleg kunnskap om faget. -Det blir fantastisk å sjå hallingdansarane Martin Myhr, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth og Dag Hamre i aksjon på ei og same scene, seier Bjørkum. Dei gamle er eldst er produsert av Villniss Dansekompani, i samarbeid med Førdefestivalen, Hilmestemnet og Riksscenen. Koreograf er Silje Onstad Hålien, sjølv kjend dansar i eliteklassen i Norge, og som sjølv bidreg med dans i framsyninga.

Viktig med nye produksjonar

Satsing på nye produksjonar er ein viktig del av den kunstnarlege profilen til Førdefestivalen, som i år har teke initiativ til heile tre slike. I høve 200 årsjubileet til Aasmund Olavsson Vinje, har festivalen engasjert Jorun Marie Kvernberg til å stå i bresjen for og skrive musikk til ei ny barneframsyning, som har fått tittelen ‘På geitevis’, og vert ei slags reise i Vinje si eventyrverd. Fridtjov Urdal skriv manus, og med i framsyninga er òg Unni Boksasp, Daniel Herskedal og Rune Filip Roaldsnes.

Kyrkjekonserten ‘Op sødeste sang’ er også ein ny produksjon. -Her ønskjer vi å løfte fram dei rike og vakre religiøse folketonane frå vårt eige fylke, fortel Bjørkum. Musikarane tek utgangspunkt i det omfattande materialet som finst i folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane og ved Arne Bjørndals samlingar ved Universitetet i Bergen. Sigbjørn Apeland er musikalsk leiar for dette prosjektet, og med seg har han sterke namn som Arve Henriksen, Kim Rysstad, Synnøve Bjørset og Malin Alander.

Sist, men ikkje minst, har vi teke tak i Nikolai Astrup sine tette band til folkemusikk og folkedans, og inviterer til Klangen av Astrup, i Astruptunet, på festivalen sin siste dag. Her er Gro Marie Svidal produsent og musikar, og med seg har ho dansarar og kjende musikarar som Erlend Apneseth, Sigmund Eikås og Emil Horstad.

#dansdegvarm med krasjkurs og dansevertar

Allereie første festivaldag vert publikum inviterte til salsakveld med Latin Grammy-vinnar El Nene, som både i stemme og utsjånad vert samanlikna med verdskjende Ibrahim Ferrer i Buena Vista Social Club. -Son del Nene kjem med autentisk ‘son habano’ - musikk som i følgje festivaldirektøren snakkar rett til beina dine! - Det nyttar ikkje å stå i ro, seier ho, og det er heile meininga; vi vil så gjerne ha publikum til å danse. Endå meir. Difor gjer festivalen litt ekstra for å lokke endå fleire til å følgje musikken med kroppen – og du treng IKKJE vere ekspert på førehand for å vere med! I sommar vert det krasjkurs både i cubansk salsa og Jølstraspringar, og på dei tre dansekveldane i Førdehuset vil dansevertar vere på pletten om du ønskjer å friske opp stega i reinlender, prøve deg på springartakta eller få på plass den siste turen på polsen igjen. Dette skal også vere den sosiale dansen sin festival, i følgje direktøren, som veit kva ho snakkar om; ho har trass alt tre Norgesmeistertitlar og kongepokal i dans frå Landskappleiken frå ein tidleg dansekarriere.


Spansk flamenco-feminisme - og møte med urfolkstradisjonar

Dans og musikk kan også vere historieforteljing, som i flamenco-framsyninga 4 women 4. Her blir du med på ei tidsreise gjennom dei viktigaste epokane i spanske kvinner sin lange og vanskelege kamp for fridom og likestilling i samfunn og familieliv. Med fem flamencodansarar, musikarar og songarar - i tillegg til flotte kostymar - vert dette ein visuell og sterk historietime.

Small Island Big Song er ein annan type historieforteljing. -Dette prosjektet har det teke den australske filmskaparen og musikkprodusenten Tim Cole tre år å lage. Han har vitja 16 ulike øysamfunn og gjort opptak av og intervjua urfolksmusikarar i deira lokale kulturar. Seks av desse musikarane - frå Solomonøyane, Påskeøya, Papua New Guinea, Madagaskar, Taiwan og Borneo - har han med seg til Førde, og du kan berre glede deg til ei flott multimedia-framsyning, med lyd og film, og levande musikk og dans, fortel Bjørkum.

Artistliste som ein backpacktur

Førdefestivalen har til alle tider skilt seg ut med artistlister som minner om ein heftig verdsomspennande backpacktur, og 2018-ugåva er ikkje noko unntak. Utanom dei som er omtala over, innheld artistmenyen m.a. verdas beste brassband, Fanfare Ciocarlia frå Romania, det kurdiske musikkikonet, Aynur, pizzica-spesialistane Canzoniere Grecanico Salentino frå Italia, Finlands supergruppe Frigg, det grenseoverskridande musikararsamarbeidet Constantinople & Ablaye Cissoko frå Iran, Senegal og Canada, «Mr. Maloya» - Danyel Waro frå Reunion, norske-engelske Barokksolistene med braksuksessen The Alehouse sessions, Kapp Verde si nye stjerne Elida Almeida, og dessutan Cimbaliband (HU), Cassie and Maggie (CA), Trio Lopez Petrakis Chemirani (ES/GR/IR) Fanfaraï Big Band (FR/AL/MA) Dimitris Mystakidis (GR) Hazelius Hedin (SE) Jyotsna Srikanth (IN/UK) Muchacho & Los Sobrinos (ES) Majorstuen (NO) Marja Mortensson (NO) Timbila Muzimba (MZ) Son del Nene (CU) Anne Hytta (NO) 9 grader nord (NO/LK) - og fleire til.

-Tenk, alt dette i løpet av fem dagar, i vesle Førde! – Med årets festival har vi gjennom desse 29 åra presentert over 7000 musikarar frå rundt 135 land over heile verda. Det er det grunn til å vere stolt av, seier den avtroppande direktøren, Hilde Bjørkum. -Vi gjorde eit val ein gong, om å lage ein festival med ein klar akustisk folkemusikkprofil, som tilbyr publikum opplevingar dei ikkje får andre stadar, og som gjev ny innsikt og kunnskap om verdas kulturar og møte med fantastiske musikarar og menneske frå alle verdshjørne. Det har vore varemerket og suksesskriteria for denne festivalen i alle desse åra.

FOR INTERVJU, FOTO og GENERELL INFORMASJON:
Torill Faleide, kommunikasjonssjef – mobil 90738527 – e-post: torill.faleide@fordefestival.no
Hilde Bjørkum, direktør – mobil 90919933 – e-post:
hilde.bjorkum@fordefestival.no


Komplett artistliste - Førdefestivalen 4.-8. juli 2018:

Fanfare Ciocarlia RO Aynur TR Canzoniere Grecanico Salentino IT Frigg FI Constantinople & Ablaye Cissoko CA/IR/TR/SN Danyel Waro RE Flamenco - 4 WOMEN 4 ES Barokksolistene – The Alehouse sessions NO/UK Elida Almeida CV Cimbaliband HU Cassie & Maggie CA Trio Lopez Petrakis Chemirani ES/GR/IR Fanfaraï Big Band FR/AL/MA Dimitris Mystakidis GR Hazelius Hedin SE Jyotsna Srikanth IN/UK Muchacho & Los Sobrinos ES Majorstuen NO Marja Mortensson NO Timbila Muzimba MZ Small Island Big Song VAR Son del Nene CU Anne Hytta NO 9 grader nord NO/LK Silje Onstad Hålien - Dei gamle er eldst NO Fliflet/Hamre NO Lendmenn NO Nilssen/Odde NO Op sødeste sang - Arve Henriksen/Kim Rysstad/Synnøve S. Bjørset/Sigbjørn Apeland/Malin Alander NO På geitevis - Jorun Marie Kvernberg/Daniel Herskedal/Unni Boksasp/Filip Roaldsnes NO Klangen av Astrup - Klangen av Astrup - Erlend Apneseth/Sigmund Eikås/Kyrre Eikås Ottersen/Gro Marie Svidal/Emil Horstad og dansarar NO Småviltlaget NO Helga Myhr/Lars Fivelstad Smaaberg NO Daniel Lazar / Almir Meskovic RS/BA Hallingan NO Audun Stokke Hole NO Linda Eide NO Silje Onstad Hålien NO INTRO-folk: Helga Myhr, Ole Nilssen NO

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.