Pressemelding -

NKT Victoria er Årets skip 2017!

Prisen vart utdelt til reiarlaget NKT v/konsernsjef Michael Lyng, skipsbyggar Kleven v/konsernsjef Ståle Rasmussen, designselskapet Salt Ship Design v/adm.dir. Arne Stenersen og kaptein på NKT Victoria, Svein Ole Sæter.

- NKT Victoria er eit fartøy spekka med det ypperste av innovasjon og kapasitet, og kabelleggingsfartøyet representerer den beste kompetansen ein har innan norsk skipsbygging og -design, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

- Eg er stolt over at NKT Victoria er kåra til årets skip. Fartøyet er eineståande, ikkje berre innan sitt segment i shippingindustrien, men også i kabelindustrien. Med dette fartøyet kan vi no tilby kundane våre komplette kabelløysingar, frå design og produksjon til installasjon og service – som ein av svært få kabelleverandørar i verda, sa Michael Lyng, konsernsjef i det internasjonale selskapet NKT, med base i Danmark.

- I Kleven er vi stolte skipsbyggjarar i dag, og det er veldig kjekt å få ei slik verdsetting som dette. Dette prosjektet er eit godt eksempel på styrken i norske skipsdesign og skipsbygging. Nært samarbeid mellom aktørane har resultert i eit framtidsretta og svært innovativt fartøy, sa Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

- Det å bygge NKT Victoria, eit av verdas mest avanserte og drivstoff-effektive kabelleggingsfartøy, har vore eit krevande prosjekt, og det første av denne typen fartøy vi har bygd. Men i Kleven er vi vane med å handtere ‘første’. Det er slik du overlever i denne bransjen – med å ha kunnskapsrike og erfarne tilsette som grip alle utfordringar som vert lagt framføre dei, sa Rasmussen.

- Det er ei ære at NKT Victoria har blitt tildelt denne prisen, og våre skipsdesignerar har verkeleg sett pris på å vere del av det gode lagarbeidet som ligg bak dette flotte fartøyet. Det å samarbeide tett med NKT – ein internasjonalt leiande aktør innan kabelindustrien, og dei førsteklasses skipsbyggarane i Kleven, har resultert i eit spesialfartøy med imponerande operasjonelle funksjonar. Dette gode samarbeidet har gitt eit svært godt resultat, sa Arne Stenersen, adm.dir. i Salt Ship Design.

For meir informasjon, kontakt: ­­­­­­

NKT:

Kommunikasjonssjef Helle Gudiksen, tlf. +45 2349 9098

Kleven:

Konsernsjef Ståle Rasmussen, tlf. 909 36 493

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund, tlf. 415 74 463

Salt Ship Design:Adm.dir. Arne Stenersen, tlf. 911 61 328


Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • nkt victoria
  • kabelleggingsfartøy
  • kleven verft

Regions

  • Møre og Romsdal

Om Ship of the Year

Ship of the Year er stifta av det nordiske shippingmagasinet Skipsrevyen. Lesarane nominerer kandidatar, men kåringa vert gjort av ein jury. Juryen består av Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Lars Gørvell-Dahll, direktør, maritim sektor av Norsk Industri og Asle B. Strønen, redaktør av Skipsrevyen.

Om NKT Victoria

NKT Victoria er eit av verdas mest avanserte fartøy, og det innovative design er resultat av omfattande erfaring med offshoreinstallasjonar.

Lengde: 140 m

Breidde: 29,6 m

Innreiing for 100 personar

Dekksareal: 1600 m2

Om NKT

NKT har vore ein leiande aktør i kabelindustrien sidan 1891. Selskapet bidreg til å møte verdas stadig aukande behov for energi med sin ekspertise innan energitransport og kostnadseffektiv produksjon på ein miljømessig berekraftig måte.

NKT er ein globalt anerkjent leverandør av AC/DC-kabelløysingar. Selskapet har hovudkontor i Danmark og Tyskland, og har ca 3400 tilsette. I 2016 hadde selskapet ei omsetting på 1 mrd Euro.

www.nkt.com

Om Kleven

Kleven er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Konsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune. www.kleven.no

.

Om Salt Ship Design

Salt Ship Design held til på Stord, og er eit uavhengig skipsdesignselskap som designar offshore- og andre spesialskip for kundar over heile verda. Selskapet har ca 75 tilsette. www.saltship.com

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20