Kommunal- og regionaldepartementet

11 kommunar får prøve e-val i 2011

Nyhet   •   jan 21, 2010 16:51 CET

Regjeringa har bestemt at veljarane i Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn, Ålesund og ein bydel i Oslo kommune får delta i forsøk med elektronisk røystegjeving ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011.

- Veljarane i forsøkskommunane vil få høve til å røyste heimanfrå via Internett ved neste lokalval, men dei vil òg ha høve til å møte opp i vallokalet og røyste med vanleg papirrøystesetel. Dei kan altså sjølve bestemme om dei vil røyste elektronisk eller på vanleg måte. Eg håpar at flest mogleg vil røyste elektronisk, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Om lag 200 000 veljarar har røysterett i forsøkskommunane. Ved val av forsøkskommunar har vurderinga vore basert på ønskje om variasjon og representativitet. Motivasjon, kompetanse, storleik, befolkningssamansetjing, geografi, kommunikasjon og infrastruktur har vore viktige faktorar i vurderinga.

Dei 11 forsøkskommunane skal teste eit nytt sentralt valadministrativt datasystem som òg har ei løysing for å røyste elektronisk. Kommunane skal òg bidra til å utvikle denne løysinga i samarbeid med departementet.

Ein fylkeskommune vil òg verte valt ut til å teste det valadministrative datasystemet.

Det valadministrative datasystemet skal bidra til å effektivisere valarbeidet i kommunane og medverke til betre informasjon til veljarane. Datasystemet er planlagt innført i alle kommunane etter forsøket i 2011, og vil verte vidareutvikla basert på erfaringane frå forsøket.

Forsøket med å røyste over Internett skal evaluerast av eksterne forskingsmiljø. Erfaringane frå forsøket skal gje Stortinget eit godt grunnlag for å vurdere om det skal leggjast til rette for at veljarane i heile landet skal få høve til å røyste elektronisk og eventuelt tidsperspektivet for dette.

56 kommunar vart i september i fjor inviterte til å søkje om å delta i forsøket, og 35 av desse kommunane søkte.

- Eg ønskjer debatt om elektronisk røystegjeving og har derfor oppretta ein blogg der aktuelle innlegg vert lagt ut i tida fram mot valet i 2011. Alle som vil er velkomne til å bidra med synspunkt, tips eller råd, seier Liv Signe Navarsete.

For meir informasjon: www.evalg.dep.no

Sjå også www.e-valgbloggen.no og e-valg på Facebook og Twitter.

Sjå opptak av pressekonferansen 21. januar 2010 på nett-tv.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.