Kulturdepartementet Norge

12 millionar kroner til tiltak mot speleproblem

Nyhet   •   nov 22, 2010 09:45 CET

Regjeringa har sett av 12 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping til tiltak mot speleproblem. Midlane er fordelte slik:

Målretta informasjon til barn og unge                  1 million kroner
Kartlegging av problematisk speleåtferd              1,810 millionar kroner
Betre informasjon og avklaring av behov i
helsesektoren                                                  3,850 millionar kroner
Hjelpetelefonen for speleavhengige                    0,5 millionar kroner
Til frivillige støttegrupper for speleavhengige       0,8 millionar kroner

4 millionar kroner går til forsking og skal delast ut i 2011. Mesteparten av midlane skal fordelast gjennom Lotteritilsynet og Helsedirektoratet.