Kommunal- og regionaldepartementet

15 millionar kroner til Aker Verdal si vindsatsing

Nyhet   •   feb 18, 2011 16:21 CET

Innovasjon Noreg har løyvd 15 millionar kroner til Aker Verdal si vindsatsing. Med dette får vindsatsinga i Verdal eit ytterlegare løft. Innovasjon Noreg har no satsa 45 millionar kroner på vind i Nord-Trøndelag.

- Denne løyvinga viser at Innovasjon Noreg og fylkeskommunen er viktige medspelarar i høve til å utvikle verksemder for framtida. Spesielt spennande er at dette skjer innanfor ein sektor som vil bli svært viktig framover. Eg trur også at denne løyvinga er med på å skape stor optimisme både hjå Aker Verdal og i lokalsamfunnet rundt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

-Løyvinga er viktig for vidareutviklinga av vindklynga i Verdal. Vindkraftproduksjon med tilhøyrande leverandørindustri har eit stort potensial i Verdal og elles i Noreg. Satsinga bidreg til arbeidsplassar og vil kunne få positive ringverknader regionalt. I Tyskland er over 70 000 tilsette i vindkraftindustrien, og i Sverige er over 20 000 i bransjen, seier statsråd Navarsete.

Aker Verdal dreg andre bedrifter med seg inn i utviklinga av denne høgteknologiske industrien. Løyvingane til Aker Verdal går til fire forskjellige prosjekt, som legg grunnlaget for ein langsiktig industriell produksjon av understell til feltet Nordsee Ost utanfor kysten av Tyskland. Vindsatsinga krev at verksemda må fornye produksjonsprosessane sine for leveransar til olje og gassindustrien og investere store beløp i bygg og anleggsutrusting på Verdal.

Det ligg an til store investeringar innan vindenergi i åra som kjem, særleg i Storbritannia og Tyskland. Desse landa har etablert offentlege støtteordingar, som gjer at slike utbyggingar er kommersielt interessante. Aker Verdal kan vere i stand til å levere 50 til 100 understell i året. Det tilsvarar cirka 20 prosent av marknaden.

- Om kort tid vil vi få eit nytt og betre system for støtte til fornybar energi. I 2012 innfører vi grøne sertifikat, og då vil utbygginga av vindkraft for alvor starte, seier Navarsete. Då er det viktig at også leverandørindustrien er klar til å kunne levere naudsynt utstyr og kompetanse.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.