Kommunal- og regionaldepartementet

175 daglegvarebutikkar får no investerings- og utviklingstilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet

Nyhet   •   feb 21, 2011 09:23 CET

Det har vore stor interesse for det nye investerings- og utviklingstilskotet som skal styrkje små daglegvarebutikkar i distrikta. Tilskot til utvikling eller investeringar er viktig for å sikre vidare drift.

-15 millionar kroner blei sett av til dette i 2010. Det er desse midlane som no blir fordelte. Konkurransen mellom søkjarane har vore hard. Difor er eg glad for at det også er sett av 15 millionar kroner til det same tiltaket for 2011. Da kan enda fleire butikkar få tilskot, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

-Eg veit at nærbutikken er viktig for mange lokalsamfunn. Butikken som møteplass og tenesteleverandør i eit bygdesamfunn kan ikkje overvurderast, det er sjølve limet i bygda. Det er difor svært gledeleg at so mange har søkt, og dermed vist at det er mange engasjerte butikkdrivarar som vil satse. Eg er svært glad for at departementet kan støtte det viktige arbeidet som lokale kjøpmenn gjer, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet bidreg med inntil 50 prosent av kostnadane til naudsynte investeringar i nye kjøl/frys anlegg, eller til investeringar i dataanlegg. Dette er heilt naudsynt om butikkane skal kunne drive vidare, og vere eit konkurransedyktig alternativ til butikkar i større sentra.

Satsinga på eit eige investerings- og utviklingstilskot for daglegvarebutikkar i distriktsområde er ein del av regjeringa sitt distriktspolitiske løft.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00