Kommunal- og regionaldepartementet

200 000 til tillitsprosjektet i Mandal

Nyhet   •   okt 29, 2010 08:59 CEST

Mandal kommune får støtte til å formidle erfaringane frå sitt arbeid med å redusere sjukefråveret i kommunen.

- Mandal kommune har gjennom ”Tillitsprosjektet” jobba systematisk over fleire år med å redusere sjukefråveret i kommunen. Dei har oppnådd gode resultat og har hatt stor pågang frå andre kommunar som vil lære av dette arbeidet. Mandal kommune har vist stort engasjement og vilje til å dele erfaringane sine med andre kommunar og eg er glad for at Kommunal- og regionaldepartementet kan bidra til å spreie deira erfaringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Departementet støtter nå Mandal kommune med 200 000 kroner for at kommunen skal kunne arbeide vidare med å spreie erfaringane frå arbeidet med å redusere sjukefråveret.

Tillitsprosjektet i Mandal kommune starta opp i 2007 og inneber innføring av 365 dagars eigenmelding, det vil seie at eigenmelding og legemelding blir likestilte. Mandal kommune fekk løyve til dette av Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå juli 2007, og frå mai 2008 kunne alle tilsette i kommunen nytte seg av eigenmeldingar likestilt med legemeldingar.

Mandal kommune har delteke med Tillitsprosjektet i det no avslutta Kvalitetskommuneprogrammet. Dette var eit samarbeid mellom tre departement, KS og arbeidstakarorganisasjonane LO, YS, Akademikerne og Unio, om å skape ein forbetring i kvaliteten i møtet mellom tenesteytar og tenestemotakar og å redusere sjukefråveret. Mandal kommune vart invitert med i programmet for å jobbe særskilt med sjukefråver på bakgrunn av kommunen sitt systematiske arbeid og gode resultat.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.