Kulturdepartementet Norge

22,1 millionar kroner til Antidoping Norge i 2010

Nyhet   •   des 21, 2009 00:09 CET

Stiftinga Antidoping Norge får 22,1 millionar kroner av spelemidlane til idrettsformål i 2010. Det har regjeringa avgjort i statsråd i dag. Tilskotet er ein auke på 600 000 kroner frå 2009.

- Antidoping Norge bidrar til at vi har eit antidopingprogram som er blant dei leiande i verda, slår statsråd Anniken Huitfeldt fast. Med auken ønskjer regjeringa å oppretthalde og utvikle Antidoping Norge som uavhengig kontroll- og påtaleorgan.

Antidoping Norge skal motarbeide doping ved å fremje ein ærleg og dopingfri idrett, seier statsråd Huitfeldt. Antidoping Norge sitt kontrollprogram skal verke både avslørande og avskrekkande.

Det er viktig at Antidoping Norge syter for eit godt, førebyggjande arbeid innanfor idretten.

Auken i tilskotet for 2010 skal sikre at det norske antidopingarbeidet framleis held høg kvalitet. Antidoping Norge skal bidra godt i det internasjonale antidopingarbeidet, seier Huitfeldt.