Arbeidsdepartementet

30 000 barn kan få auka forskot på barnebidrag

Nyhet   •   nov 22, 2010 09:49 CET

Regjeringa foreslår å endre ordninga med bidragsforskot slik at ordninga i større grad blir innretta mot einslege forsørgjarar med dei lågaste inntektene. Om lag 30 000 barn vil kunne få auka bidragsforskot etter at endringa tar til å gjelde 1. mai 2011.

Bidragsforskot blir gitt til barn som ikkje bur saman med begge foreldra. Ytinga sikrar ein viss månadleg minstesum til underhald når den bidragspliktige ikkje betaler i tide, og når bidragspliktige ikkje er kjende eller manglar økonomisk evne til å betale bidrag. Forskot er inntektsprøvd og blir gitt med 100, 75 eller 50 prosent av maksimal sats.

- Vi foreslår no å auke inntektsgrensa for å kunne få forskot med høgaste sats, seier statssekretær Jan-Erik Støstad.

Han peikar på at grensa for maksimalt forskot no blir den same som grensa for når bidragspliktige blir friteke for å betale bidrag.

Forslaget er lagt fram i ein proposisjon til Stortinget i dag. Hevinga av inntektsgrensa er viktig for einslege forsørgjarar med inntekt på mellom kr.170 900 og kr.217 200.

Proposisjonen inneheld også forslag om at reglane om avgrensa inntektsprøving for barn utan oppgitt far blir avvikla, slik at alle blir behandla likt ved inntektsprøving. Frå 1. mai 2011 skjer det også endringar i gebyrordninga ved fastsetjing og endring av barnebidrag. Grensa for gebyrfritak blir heva til same nivå som grensa for maksimalt forskot.

Omrekninga til nye satsar for forskot vil i hovudsak skje maskinelt.

Prop. 25 L (2010-2011)