Kommunal- og regionaldepartementet

50 millionar til marknadsføring av Nord-Noreg

Nyhet   •   jan 15, 2010 00:15 CET

- No er det opp til aktørane i nord å vise at dei kan få til ei kraftfull satsing saman. Det sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho onsdag opna den nordnorske reiselivsverkstaden Nord i Sør på hurtigruta MSTrollfjord.

Statsråden hadde med seg dei 50 millionar kronene som vart lova i fjor, og som skulle kome til utbetaling når selskapet var i drift.

Krafttak
- Med desse midlane er løftet frå min forgjengar Åslaug Haga frå 2007, om eit krafttak for reiselivet i Nord-Noreg, innfridd, sa Navarsete. Løyvinga skal nyttast til marknadsføring av landsdelen i utlandet.

Navarsete understreka at den landbaserte verdiskaping, der reiseliv er heilt sentral, er sjølve inngangen til nordområdepolitikken for Kommunal- og regionaldepartementet.

Ho la i innleiinga også vekt på at samspelet mellom offentlege og private aktørar er avgjerande for å få til ei vellukka satsing på reiseliv og turisme.

- Utan eit godt samarbeid mellom det offentlege og det private kjem vi ingen veg, sa statsråden.