Samferdselsdepartementet

Arbeidet med ny Nasjonal transportplan: - Godt transporttilbod for folk og næringsliv i heile landet

Nyhet   •   feb 01, 2011 15:32 CET

- Vi er inne i eit taktskifte for norsk samferdsel. Folk merkar forskjell! Vi rustar opp vegane og byggjer nye. Vi fornyar jernbanen og byggjer nye spor. Regjeringa vil sikra eit godt transporttilbod for folk og næringsliv i heile landet.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med ei utgreiing som Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS la fram i dag.

Arbeidet med ny NTP

Utgreiinga er ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet med ei stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP) 2014-2023,  ei melding som skal leggjast fram våren 2013.

- Utgreiinga får mellom anna tydeleg fram dei store utfordringane som befolknings- og trafikkveksten skaper i storbyområda. Her kan vi ikkje ”vegbyggja” oss ut av problema.  Her er det avgjerande at vi styrkjer kollektivtransporten, får til betre tilrettelegging for syklistar og gåande og andre tiltak om reduserer behovet for personbiltrafikk. Samstundes må vi dempa det presset folk i mange byområde no opplever ved også å syta for betre vegar i distrikta, seier samferdselsministeren.

Open prosess og dialog

- I det vidare arbeidet med ny Nasjonal transportplan ønskjer eg ein open prosess og ein god politisk dialog, slik at avgjersler og løysingar blir så godt forankra som mogleg, særleg på regionalt og lokalt hald. Arbeidet skal skje med god kontakt mellom Samferdsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Avinor AS, dei statlege transportetatane og andre statlege og lokale styresmakter.

- Eg vil òg leggja godt til rette for innspel frå næringslivet og brukar- og interesseorganisasjonar, seier samferdselsministeren.

Les rapporten

Meir om Nasjonal transportplan

Pressekonferansen i opptak (Nett-TV)

Pressevakttelefonen: 919 14 777