Kommunal- og regionaldepartementet

Bekrefta innrapportert

Nyhet   •   sep 10, 2010 15:46 CEST

Skatt Vest har i dag bekrefta at Liv Signe Navarsete innrapporterte eit armband for inntektsåret 2006. Armbandet blei motteke då ho som samferdsleminister var gudmor ved dåpen av gassferja Bergensfjord, den 25. november 2006.

Verdien på armbandet er i sjølvmeldinga rapportert til å vere 27150 kroner. Navarsete har tidlegare opplyst at verdien på armbandet er 26500 kroner. Skilnaden i verdi ligg i at ho óg rapporterte inn eit merke med dato og namn på ferja, som var festa til armbandet.

-Det blei sådd ubegrunna tvil om eg hadde innrapportert verdien på gåva til skattekontoret. Eg reknar med dette at all tvil om innrapporteringa no er fjerna. Det er eg glad for, seier Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete vil vere tilgjengeleg for kommentarar klokka 16.00 i resepsjonen i Høgblokka, Regjeringskvartalet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.