Samferdselsdepartementet

Betre transportløysingar for eldre i distrikta

Nyhet   •   feb 02, 2010 14:12 CET

- For mange eldre er det eit viktig velferdsgode å nytta eigen bil. Dette gjeld særleg for eldre som bur i område med dårleg trafikkgrunnlag for kollektivtransport. Samstundes er mange eldre avhengige av eit offentleg og godt tilrettelagt transporttilbod for å klara seg i kvardagen.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Transportøkonomisk institutt no har lagt fram rapporten ”Transportløsninger for eldre i distriktene”. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

I rapporten blir det vist til at ein i løpet av 20 – 30 år vil få ei utvikling der nær ein firedel av folketalet i Noreg vil vera i gruppa ”67 år og eldre”, det vil seie dobbelt så mange som i dag.

- Denne utviklinga fører til at vi må stilla nye krav til transportsystemet, mellom anna når det gjeld standard og utforming av det kollektive transporttilbodet, seier samferdselsministeren.

Tiltak for betre transporttilbod

Rapporten trekkjer fram ei rekkje tiltak for å få til gode transportløysingar  og –tilbod for eldre, mellom anna:

  • Parkeringsplassar for eldre, nær tettsentra og knutepunkt for kollektivtrafikken, slik at eldre med bil kan bli enda betre i stand til å klara seg sjølv i kvardagen.
  • Ordningar med faste og kjende sjåførar i drosje og buss: Undersøkingar viser at mange eldre ønskjer å ha ein fast og kjend sjåfør, for å vera trygg på at ein får den sørvis og hjelp som ein treng.
  • Kvileplassar og benkar mellom bustader for eldre og haldeplassar for kollektivtrafikken og mellom bustader og handlesentrum.
  • Meir fleksible rutetider, som er betre tilpassa reisebehova til dei eldre. Mange eldre ønskjer eigen handlebuss ein til to gonger på føremiddagen. Slike ønske har samanheng med at mange eldre opplever det som tungvint å reise tidleg inn til sentrum med skolebussen, for så å vente fleire timar på første buss i retur.


For fleire opplysningar – sjå:

Pressekontakt: Ivar Torvik, mobil 90 51 08 86