Landbruks- og matdepartementet

Brekk vitjar Vietnam

Nyhet   •   nov 22, 2011 13:49 CET

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) skal på vegne av Regjeringa denne veka vitje Vietnam for å delta på markeringar av eit 40 år langt diplomatisk samarbeide. Statsråden skal treffe både utanriksminister og landbruksminister og mellom anna skrive under ei avtale om samarbeide mellom Noreg og Vietnam.

- Til trass for den store avstanden mellom Noreg og Vietnam, har vi i fleire år hatt et svært godt samarbeide på flere område som økonomisk utvekling, kompetanseheving og demokratibygjing. Eg er imponert over utviklinga i Vietnam, spesielt landet si evne til å byggje opp eigen matproduksjon. Mattryggleik vil og være eit viktig tema i dei samtalene eg skal ha i Vietnam, seier Brekk.

Brekk vil i hovudsak framheve samarbeidet mellom Noreg og Vietnam, både det som har vore og områder der samarbeidet kan forsterkast ytterligare. Andre tema statsråden kjem til å ta opp er framtidige genetiske ressursar og mogelegheita for å byggje opp fondet som kan bidra til å utvekle nye frøsortar, ”Benefit Sharing Fund”. Dette er midlar som fyrst og framst er retta mot utveklingsland, og som kan bidra til å tryggje genetiske ressursar som er motstandsdyktige mot framtidige klimaendringar. Frøfondet er ein del av den internasjonale Plantetraktaten, og Brekk kjem til å leggje vekt på at Vietnam bør ratifisere sjølve avtalen.     

   

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk
(Foto: Torbjørn Tandberg)

Bioforsk er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter. Forskningsinstituttet har i dag verksemd i flere delar av verda, mellom anna  sør i Vietnam, og skal være med på turen å informere om det arbeidet som er i gang og det som planleggjast  vidare.

Brekk skal og underteikne ei avtale om samarbeid mellom Noreg og Vietnam om forskning og kapasitetsbygging for akvakultur.

Pressekontakt for landbruks- og matminister Brekk i Vietnam:
Kommunikasjonssjef Ottar Løvik, mob.: +47 481 40 477.