Landbruks- og matdepartementet

Brekk vitjar Vietnam på vegne av regjeringa

Nyhet   •   nov 24, 2011 10:57 CET

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) vitjar denne veka Vietnam på vegne av Regjeringa. Brekk skal delta på markeringar av eit 40 år langt diplomatisk samarbeide, og skal treffe både utanriksminister og landbruksminister og mellom anna skrive under ei avtale om samarbeide mellom Noreg og Vietnam.

- Til trass for den store avstanden mellom Noreg og Vietnam, har vi i fleire år hatt et svært godt samarbeide på flere område som økonomisk utvikling, kompetanseheving og demokratibyggjing. Eg er imponert over utviklinga i Vietnam, spesielt landet si evne til å byggje opp eigen matproduksjon. Mattryggleik vil og være eit viktig tema i dei samtalene eg skal ha i Vietnam, seier Brekk.

Brekk vil i hovudsak framheve samarbeidet mellom Noreg og Vietnam, både det som har vore og område der samarbeidet kan forsterkast ytterlegare. Andre tema statsråden kjem til å ta opp er framtidige genetiske ressursar og mogelegheitar for å byggje opp fondet som kan medverke til å utvikle nye frøsortar, ”Benefit Sharing Fund”. Dette er midlar som fyrst og framst er retta mot utviklingsland, og som kan medverke til å tryggje genetiske ressursar som er motstandsdyktige mot framtidige klimaendringar. Frøfondet er ein del av den internasjonale Plantetraktaten, og Brekk kjem til å leggje vekt på at Vietnam bør ratifisere sjølve avtalen.     

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og Udaya Sekhar frå Bioforsk. Sekhar er saman med statsråden for informere styresmaktene i Vietnam om Bioforsk sine prosjekt og røynsler sør i landet, som kan væra relevant for tilhøva i landet. (Foto: Landbruks- og matdepartementet) 

Bioforsk er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter. Forskningsinstituttet har i dag verksemd i flere delar av verda, mellom anna  sør i Vietnam, og skal være med på turen å informere om det arbeidet som er i gang og det som planleggjast  vidare.

Brekk skal og underteikne ei avtale om samarbeid mellom Noreg og Vietnam om forskning og kapasitetsbygging for akvakultur.

Pressekontakt for landbruks- og matminister Brekk i Vietnam:
Kommunikasjonssjef Ottar Løvik, mob.: +47 481 40 477.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk får omvisning i Hanoi. Her saman med ambassadør Ståle Torstein Risa og guide Ms. Hoang Huong. Staden er litteraturtempelet som er det eldste universitetet i Vietnam. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)