Landbruks- og matdepartementet

Dårlegaste kornhausten sidan 1995

Nyhet   •   nov 23, 2011 11:34 CET

Den regnfulle hausten med vanskelege innhaustingstilhøve har gitt små kornavlingar av dårleg kvalitet.

I sin siste prognose for kornåret 2011/12 har Norske Felleskjøp rekna årets totalavling til 961.000 tonn korn. Tilgangen av norsk korn til industrien er med dette forventa å bli 46.000 tonn mindre enn i den førre prognosen frå 22. september. Det er dei lågaste kornavlingane i norsk jordbruk sidan 1995.

Redusert toll
Som følgje av den dårlege kornhausten har Statens landbruksforvaltning fastsett større importkvoter der tollen på korn er redusert. Matkornkvoten som blir fordelt den 23. november er nesten like stor som for heile fjoråret, 119 000 tonn.

Berre 12 prosent matkorn
Den vanskelege hausten har gitt store kvalitetsskader på kornet. Medan 70 – 80 prosent av matkornet i gode år er dyrka i Norge, er det i år berre 12 prosent som held matkornkvalitet. Mykje regn i innhaustingsperioden fører til at kornet spirer i akset og stivelsen blir dermed brote. Slikt korn er ubrukeleg til baking.