Landbruks- og matdepartementet

Dobla produktivitet i landbruket på 20 år

Nyhet   •   feb 10, 2011 16:11 CET

Kvar bonde produserer i dag nær dobbelt så mykje mjølk, kjøt, korn og grønnsaker pr årsverk i høve til 1990. Totalproduktiviteten i norsk jordbruk auka med 37 prosent frå 1990 til 2009, eller 1,65 prosent per år. Dette kjem fram i eit nyleg publisert notat frå NILF som er del av eit større prosjekt om produktivitet og konkurranseevne i jordbruket.

Totalproduktiviteten tek omsyn til utvikling i produktmengder og alle innsatsfaktorar (arbeid, kapital og ikkje-varige innsatsfaktorar).

Produktivitetsmåling
Produktivitet er eit uttrykk for produsert mengde i høve til ressursbruk i produksjonen. Produktivitetsframgang vil seie at ein nyttar mindre ressursar per produkteining. Dette kan ein oppnå ved mellom anna å produsere meir ved ein gitt innsats av ressursar eller ved å produsere like mykje som før, men med mindre ressursinnsats.


Kvar bonde produserer i dag nær dobbelt så mykje mjølk, kjøt, korn og grønnsaker pr årsverk i høve til 1990. Foto: LMD

Forsidebilde: Åkerlandskap. Foto: Øystein Søbye, Samfoto