Kommunal- og regionaldepartementet

Ein milliard meir i frie inntekter til kommunane

Nyhet   •   nov 16, 2010 08:49 CET

Regjeringa aukar dei frie inntektene til kommunane med ein milliard kroner meir i 2010.

- Auken vil gje kommunane større handlingsrom til å gjennomføre sine oppgåver. Den ekstra milliarden i frie midlar vil for eksempel kunne bidra til å styrke arbeidet med ei verdig eldreomsorg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Med den ekstra milliarden har kommunane fått ein vekst på 8,1 milliardar kroner i 2010. Av desse er 4,9 milliardar frie inntekter.

- Det betyr at kommunesektoren sin finansielle situasjon blir styrka. Kommunane kan velge å betale ned gjeld, sette midlane på fond eller bruke pengane til eigendelar til investeringar, seier Navarsete.

- Me legg til rette for at kommunane kan gjennomføre nødvendig utbygging av for eksempel sjukeheimar og omsorgsbustadar, seier Navarsete.

- Samstundes styrkjer vi den statlege investeringsordninga for sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar. Tilskotsutmålinga vert auka frå 25 prosent til 35 prosent av investeringskostnadane. For at kommunane skal verte behandla likt, vil auken få tilbakeverkande kraft til 2008, då investeringstilskotet vart innført, seier Navarsete.

Auken i frie inntekter vert gitt som rammetilskot til alle kommunane i landet. Fordelinga for kor mykje dette utgjer for kvar enkelt kommune, finst i tabellane under.

Fylkesvise oversikter

Oversiktene er publisert i pdf-format.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.