Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Endringar i kontantstøttelova

Nyhet   •   nov 07, 2011 09:48 CET

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag om endringar i kontantstøttelova. Lovendringane er nødvendige for å gjennomføre forslaget i statsbudsjettet om å avvikle kontantstøtta for toåringar frå 1. august 2012. For barn i alderen 13-18 månader vert kontantstøttesatsen auka til 5 000 kroner månaden. For barn i alderen 19-23 månader vert dagens sats på 3 303 kroner vidareført. Kontantstøtte etter dagens regler og satsar blir utbetalt til og med juli 2012.

- Ved å fjerne kontantstøtta for toåringar, legg vi til rette for at fleire kvinner kjem ut i arbeid og at fleire barn med innvandrarbakgrunn får verdifull språkopplæring i barnehagen. På denne måten får fleire barn eit betre grunnlag for å lukkas på skulen, og vi støtter opp om eit meir likestilt arbeidsliv, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Forslaget om å avvikle kontantstøtta for toåringar må sjåast i samanheng med at det er innført rett til barnehageplass. Barn som fyller eitt år innan utgangen av august månad, har rett til barnehageplass frå august same år. Alle barn har rett til barnehageplass innan dei fyller to år.

Sjølv om mange kommunar tilbyr barnehageplass også mellom hovudopptaka, må ein god del barn vente nokre månader før dei får plass. For desse blir kontantstøtteordninga betra.

- Det å auke satsen for barn i alderen 13 til 18 månader til 5000 kroner i månaden, inneber ei styrking og målretting av kontantstøtta for eittåringar, seier Lysbakken.

I dag har kontantstøtta fem ulike satsar. Regjeringa foreslår ei forenkling til to satsar for kontantstøtte; full og halv sats. Dersom barnet ikkje har plass i barnehage, blir det gitt full kontantstøtte. Dersom barnet har avtalt opphaldstid i barnehagen på 19 timar eller mindre i veka, blir det utbetalt 50 prosent kontantstøtte.