Olje- og energidepartementet

Energistatus 2010

Nyhet   •   feb 08, 2011 16:21 CET

Noreg er den sjette største vasskraftprodusenten i verda og har saman med Island den høgaste fornybardelen i elektrisitetsproduksjonen av alle land i Europa. I Energistatus 2010 gjev NVE ein heilskapleg presentasjon av statistikk og fakta om det norske energisystemet.

Energi 2010 gjev ein oversikt over produksjon, overføring og forbruk av elektrisitet i det norske samfunnet, og syner energibruken til ulike føremål og samanhengen mellom energi og miljø.

Last ned Energistatus på NVE sine heimesider.