Ferd

Entreprenørskap som utviklingshjelp

Nyhet  •  10-02-2012 14:58 CET

Bilde tekst: Det at ungdom i løpet av skuletida deltek i tiltak som stimulerer etableringslysta, viser seg å vere svært lønsamt samfunnsøkonomisk.

Det NORAD-støtta prosjektet «Junior Achievement» i Uganda vil redusere fattigdomen og arbeidsløysa i landet med entreprenørskap som våpen.

Av Jarle Tømmerbakke
Daglig leder Ungt Entreprenørskap Forlag

For kvar krone samfunnet brukar på å stimulere til entreprenørskap i skulen, får det attende 45, konkluderer ein rapport frå "The Boston Consulting Group" (BCG), som har sett på dei langvarige effektane av entreprenørskap i skulen. Med dette som utgangspunkt, har meir enn 24 000 ugandiske skuleelevar delteke i ungdomsbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap (UE) og Junior Achievement Uganda sidan 2009. Effekten av slik undervisning er den same i Uganda som i Noreg: Ungdommane etablerer langt fleire bedrifter enn gjennomsnittet og gjer meir kvalifiserte val med omsyn til vidare utdanning.

Frå skuleelev til seriegründer
Gründer Arinitwe Stephen (20) driv allereie fleire bedrifter og ein ideell organisasjon i Uganda. Han var ein av dei første elevane som deltok i ungdomsbedrift på sin skule:

– Etter å ha drive ungdomsbedrift eit skuleår, var eg så inspirert at eg bestemte meg for å fortsetje bedrifta i ferien. Eg hadde snart 12 ungdommar tilsette som produserte ulike papirbaggar. No har eg 60 personar som eg har gjeve opplæring. Dei går inn i produksjonen når vi får ein stor ordre. Mellom dei tilsette er både elevar som har droppa ut av skulen, deltidstilsette elevar og vaksne. I tillegg har eg starta eit selskap som gjev opplæring i IT. Her har eg no fem datamaskiner og 25 studentar.

Arinitwe dyrkar også grønsaker i landsbyen der han bur, der er det fem personar som jobbar. Nyleg starta han organisasjonen HEMFRIA Uganda (Helping my Friend Association of Uganda). Hovudmålet er å gjere Uganda til ein betre stad å leve og bu ved å engasjere ungdom i positive aktivitetar i lokalmiljøet. Dei skal også motivere ungdom til å teste seg for HIV/Aids, ein av dei store utfordringane Uganda må finne ei snarleg løysing på.
– Eg vil vere med å forandre Uganda, seier Arinitwe. Junior Achievement var til stor inspirasjon og motiverte meg til å bli det eg

Det NORAD-støtta prosjektet «Junior Achievement» i Uganda vil redusere fattigdomen og arbeidsløysa i landet med entreprenørskap som våpen.

Av Jarle Tømmerbakke
Daglig leder Ungt Entreprenørskap Forlag

For kvar krone samfunnet brukar på å stimulere til entreprenørskap i skulen, får det attende 45, konkluderer ein rapport frå "The Boston Consulting Group" (BCG), som har sett på dei langvarige effektane av entreprenørskap i skulen. Med dette som utgangspunkt, har meir enn 24 000 ugandiske skuleelevar delteke i ungdomsbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap (UE) og Junior Achievement Uganda sidan 2009. Effekten av slik undervisning er den same i Uganda som i Noreg: Ungdommane etablerer langt fleire bedrifter enn gjennomsnittet og gjer meir kvalifiserte val med omsyn til vidare utdanning.

Frå skuleelev til seriegründer
Gründer Arinitwe Stephen (20) driv allereie fleire bedrifter og ein ideell organisasjon i Uganda. Han var ein av dei første elevane som deltok i ungdomsbedrift på sin skule:

Etter å ha drive ungdomsbedrift eit skuleår, var eg så inspirert at eg bestemte meg for å fortsetje bedrifta i ferien. Eg hadde snart 12 ungdommar tilsette som produserte ulike papirbaggar. No har eg 60 personar som eg har gjeve opplæring. Dei går inn i produksjonen når vi får ein stor ordre. Mellom dei tilsette er både elevar som har droppa ut av skulen, deltidstilsette elevar og vaksne. I tillegg har eg starta eit selskap som gjev opplæring i IT. Her har eg no fem datamaskiner og 25 studentar.

Arinitwe dyrkar også grønsaker i landsbyen der han bur, der er det fem personar som jobbar. Nyleg starta han organisasjonen HEMFRIA Uganda (Helping my Friend Association of Uganda). Hovudmålet er å gjere Uganda til ein betre stad å leve og bu ved å engasjere ungdom i positive aktivitetar i lokalmiljøet. Dei skal også motivere ungdom til å teste seg for HIV/Aids, ein av dei store utfordringane Uganda må finne ei snarleg løysing på.
Eg vil vere med å forandre Uganda, seier Arinitwe. Junior Achievement var til stor inspirasjon og motiverte meg til å bli det eg er i dag. Eg veit eg kan lukkast med det eg verkeleg vil.

Entreprenørskap mot arbeidsløyse og fattigdom

Ungt Entreprenørskap (UE) har dei tre siste åra vore engasjert i å byggje opp søsterorganisasjonen Junior Achievement i Uganda. Målsettinga er ambisiøs: Å skape ein kultur for innovasjon i skulesektoren og å motivere elevar til å skape verdiar, både økonomisk og sosialt. Ein vil få fleire ungdommar til å bli jobbskaparar i eit land med enorm arbeidsløyse og der 30 prosent av folket lever under FN si fattigdomsgrense. Vel 300 skular har delteke og 24 000 elevar har å drive sine eigne bedrifter i løpet av skuletida.

Entreprenørar tener meir enn dei brukar
Det velrenommerte selskapet "The Boston Consulting Group" (BCG) publiserte i 2011 ein rapport om dei samfunnsmessige effektane av at ungdom deltek på entreprenørskapsaktivitetar som ungdomsbedrift. Tala er henta frå UE sin søsterorganisasjon, Junior Achievement Canada. ("Making an impact. Assessing Junior Achievement of Canada’s Value Creation", Jan. 2011).

Dei fann at 65 prosent av dei tidlegare elevane sa at tiltak som ungdomsbedrift hadde hatt stor innverknad på at dei faktisk gjennomførde skulegangen og at dei gjekk vidare etter fullførd vidaregåande utdanning. Dei fann også, i samsvar med norsk forsking, at 50 prosent fleire faktisk etablerer eigen bedrift samanlikna med gjennomsnittet, og at heile 70 prosent uttaler at det å delta i entreprenørskap i skulen var ein vesentleg årsak til at dei faktisk tok steget og etablerte bedrifta.

BCG skriv også i rapporten at elevar som har delteke i entreprenørskapsaktivitetar "tener meir enn dei brukar”, og at dei sjeldan er å finne på arbeidsløysestatistikken. I rapporten kalkulerer dei – ut frå faktorar som mindre fråfall, meir skulegang, fleire bedriftsetableringar, mindre bruk av sosiale stønader, mindre arbeidsledige – at den samfunnsmessige gevinsten er 1:45. For kvar krone samfunnet brukar på å stimulere til entreprenørskap i skulen, får dei attende 45.

Både nærings- og sosial utvikling blir styrka

Østlandsforskning gjorde nyleg ei evaluering av det NORAD-støtta prosjektet. Rapporten viser at vi ser same effekt i Uganda som i Noreg: Entreprenørskap i skulen er svært god næringsutvikling og det gjev mykje tilbake til samfunnet. Elevane som har delteke seier dei har fått hjelp til å finne ut kva dei kan og kva dei vil bli. Mange etablerer sine eigne bedrifter allereie i løpet av tida dei er i vidaregåande utdanning. Både fordi dei vil tene pengar til vidare skulegang, men og fordi mange av dei har eit sterkt sosialt perspektiv som motivasjon. Dei vil medverke til at fleire får arbeid, slik at dei på den måten kan vere med å redusere fattigdomen i landet. Og det er jentene som leier an, som presterer best og som vinn konkurransar.

Det som Østlandsforskning òg finn interessant, er at elevar som etablerer ungdomsbedrifter i Uganda er meir bevisst enn norske elevar på det å kultivere sosialt ansvar og engasjement. Gjennom elevintervju og observasjonar erfarte Østlandsforskning at dei ugandiske elevane var svært opptekne av at entreprenørskap kan vere ein reiskap for å løyse fattigdomsproblema, men også problem innanfor forureining og helse. Mange av dei bedriftene som var etablerte handlar om sosialt entreprenørskap.

Hjelp til sjølvhjelp
Entreprenørskap i utdanning handlar generelt om å skape noko nytt, vere kreativ, sjå mogelegheiter og å gjere noko for å utvikle dei. Det er stor semje om at ein viktig veg til eit betre liv i mange afrikanske land er næringsutvikling og jobbskaping. Dette vil igjen kunne medverke til betre butilhøve og auka levestandard. NORAD ser på entreprenørskap som et viktig felt å styrke i norsk bistand. Også kronprinsparet sette nyleg søkjelyset på det som burde vere eit sentralt fokusområde for norsk og internasjonal bistand:

Ungdom som menneskeleg ressurs er fundamentet for å byggje gode samfunn framover. Deira innsats er sentral for velferd og utvikling. Dessutan har dei unge ein eigen evne til å tenkje nytt og innovativt. Til sist er entreprenørskap eit av dei viktigaste bidraga til å få bukt med fattigdom, sa kronprinsessa og kronprinsen då dei nyleg gav støtte til to prosjekt om ungdom og entreprenørskap.

Utfordring å nå alle skuler; seier utdanningsdepartementet
Evalueringa viser at denne satsinga har vore med å leggje eit fundament for meir innovasjon i utdanningssystemet. Det vert òg understreka av utdanningsdepartementet i Uganda. Dei ser at det å drive ungdomsbedrifter i vidaregåande utdanning både gjer undervisinga meir interessant og meir konkret. I tillegg knyter det teorien frå skulen opp mot kva som skjer i næringslivet.

Sjølv om ein har nådd ut til 300 skular, er det framleis langt fram. Om lag fem prosent av elevane i vidaregåande utdanning får i dag tilbod om ungdomsbedrift. Målet er å få prosentdelen opp i minst 20. Men, i følgje Østlandsforskning, ser det ut til at der ungdomsbedrifter har fått innpass, så gjer dei ein forskjell: Både skuleadministrasjon og lærarar ser at det nyttar, dei tek ungdomsbedrift på alvor og endrar praksis.

Skulen kan auke etableringsraten med 50 prosent
I Noreg har vi dei siste åra satsa mykje på å dyrke fram ein kultur for innovasjon, og skulen er ein viktig arena for ei slik satsing. Vi har etter kvart fått mange evalueringar og rapportar som viser svært positiv effekt av å stimulere entreprenørskap i skulen. Det at ungdom i løpet av skuletida deltek i tiltak som stimulerer etableringslysta, viser seg å vere svært lønsamt samfunnsøkonomisk. I tillegg til å skape fleire bedrifter, ser slike tiltak ut til å redusere fråfall, samstundes som det stimulerer til å ta vidare utdanning. Vel 10 000 norske ungdommar er med i meir enn 2000 ungdomsbedrifter her til lands kvart år. Dei etablerer, driv og til slutt avviklar si eigen bedrift i løpet av skuleåret i samarbeid med lærar og lokalt arbeidsliv. Etableringsraten blant desse elevane er 50 prosent høgare enn hos jamaldringar.

Satsinga på entreprenørskap i utdanning i Noreg er ved fleire høve framheva som eit føredøme for andre land. I EU-rapportar og i utgreiingar frå World Economic Forum er Noreg halde fram som eit føredøme og som eit godt eksempel på korleis ein kan satse på entreprenørskap i utdanning. Det er erfaringar vi har gjort i Noreg som skular i Uganda no kan dra nytte av.

Det er mange likskapar mellom UE i Noreg og UE i Uganda. Dette ser vi både i måten ungdomsbedriftene blir brukt i skulen og i kor viktig læraren er når det gjeld å implementere programma i klasserommet. UE i Uganda byggjer også regionale organisasjonar på same måte som i Noreg. Fleire lærarar frå Noreg har halde kurs i Uganda, og mange ugandiske lærarar har vore i Noreg for å sjå korleis norske lærarar og elevar arbeider med ungdomsbedrift. 

You haven't completed the steps for your Hosted Newsroom

You haven't entered a correct link to your helper.html file for your Hosted Newsroom. Go to Publish and complete the steps.