Forskningsrådet

EU: Irland får forskingskommisæren

Nyhet   •   des 01, 2009 09:31 CET

Irske Máire Geoghegan-Quinn er utpeikt til ny forskings- og innovasjonskommisær i EU.

Predisent i Europakommisjonen José Manuel Barroso har i dag gjort kjent kven han har sett seg ut som kommisærar i den neste Kommisjonen. Den nye forskings- og innovasjonsministeren, irske Máire Geoghegan-Quinn, har i dag sitt arbeid i Den europeiske revisjonsretten (EC Court of Auditors). Geoghegan-Quinn har lang fartstid i irsk politikk, og bur i Luxembourg.

Androulla Vassiliou frå Kypros er utpeikt til utdanningskommissær.

Slovenske Janez Potocnik som er kommisær for forsking i dag, vil bli kommisær for miljø i den nye Kommisjonen.

Europaparlamentet må formelt godkjenna dei nye kommisærane ved avstemming, og deretter vert dei formelt utnemnde av Det europeiske råd, før dei startar sitt arbeid i 2010. Kommisærane blir valde for ein fireårsperiode.