Kommunal- og regionaldepartementet

Får rapport om eigenkontroll i kommunane

Nyhet   •   des 15, 2009 09:19 CET

Kommunalminister Liv Signe Navarsete får 15. desember rapport frå arbeidsgruppa som har sett nærare på eigenkontrollen i norske kommunar. Arbeidsgruppa gir klare råd om tiltak.

Media er velkomne til å være til stades under overleveringa og få kommentarar frå statsråden.

• Tid: kl. 09.30 15. desember
• Sted: statsrådens møterom, Akersgata 59, Oslo

Arbeidsgruppa fekk i oppgåve å foreslå tiltak for å betre eigenkontrollen i kommunane etter omfattande arbeid for betre etikk i kommunane. Gruppa har vore leia av Bjørn Arild Gram, ordførar i Steinkjer.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00